Hopp til hovudinnhald

Opning av Festspela 2026
og konsert med Oddny

Bli med oss på ein forrykande festkveld når vi opnar Festspela 2026!
Vi utforskar festivaltemaet «Lys og mørke» gjennom tale, framsyning og musikk, i spennet mellom det politiske og kunstnariske. Med oss denne kvelden har vi Linda Eide som programleiar. Det blir opningstale, kulturelt innslag og utdeling av prisen Årets nynorskbrukar, før bandet Oddny entrar Utescena i Aasentunet.

Utescena i Aasentunet Festspela 2026
11. juni 2026
19.00
Kjøp billett

Program for opninga: 

  • Opningstale ved statssekretær Trude Storheim frå Kultur- og likestillingsdepartementet

  • Tonesett høgtlesing med festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn og musikar Eirik Havnes

  • Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar

  • Konsert med Oddny.  

Programleiar for kvelden er Linda Eide.  

Linda Eide er best kjend som journalist og programleiar i NRK Radio og TV, men skriv òg bøker og scenetekstar og samarbeider med musikarar og artistar. Ho har alltid noko på hjartet, og ho vil gjerne at publikum skal både tenkje og le. 

Festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som har gitt ut bøker for barn, ungdom og vaksne. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt om sterke tema som rasisme og familiekriser.  

Eirik Havnes er ein norsk poet, tekstforfattar, komponist, musikar og kunstnar frå Ålesund. Felles for prosjekta hans er ei nysgjerrigheit på menneska sin plass i naturen og korleis menneske forheld seg til omgivnadene sine. 

Prisen Årets nynorskbrukar blir kvart år delt ut til ein person eller ei verksemd for deira bruk av nynorsk. Prisvinnaren har gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjort det lettare å vere nynorskbrukar og skaper større allmenn forståing for nynorsk. 

 

  • 1/2
    Eirik Havnes
  • Linda Eide på scena i Grieghallen med ein blå og kvit-blomstrete bluse
    2/2
    Linda Eide Tore Zakariassen
  • musikarane i bandet Oddny
    1/1
    Oddny Charlotte F. Skomsøy

Oddny har for lengst markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv. Med ein særkjenneleg signatur miksar dei poprock med dialekttekstar, og dei har hatt høg rotasjon på radio med låtane «Oktober, Bergen by», «Bittelitt» og «Alma».

I Gamlahuset i Bremanger, eit slags musikalsk kollektiv der dei i periodar bur, jobbar og skriv, og spelar dei inn musikk med trommis Oliver Igland som produsent. Der har dei også spelt inn det første albumet sitt Eg trur eg er åt å komme meg / Nye sko, som mellom anna fekk terningkast 5 i BT. Bandet blei i meldinga av albumet omtala av BT sin meldar som «…Vestlandets Odd Nordstoga». Albumet har over ein million strøymingar.

Oddny har sidan starten turnert mykje i Noreg, spelt i Sverige, og den siste tida dei hatt fleire utselde konsertar m.a. i Oslo, Bergen og Tromsø.

I bandet spelar  
Iver Strand Senneset (vokal, gitar)
Oliver Igland (trommer)
Bartek Galek (bass)
Edvard Røgeberg (tangenter) 

Festspela er stolte av å få presentere eit solid debutantband med knallgode tekstar og nære låtar som på kort tid har fått godt fotfeste i Noreg.