Aasentunet

Opningstider

20. juni–15. august
Måndag–fredag: 10.00–17.00
Laurdag og søndag: 12.00–17.00

17. august–19. juni
Måndag: stengt
Tysdag–fredag: 12.00–16.00
Laurdag: stengt
Søndag: 12.00–16.00

Museet er stengt i romjula, første nyttårsdag og 17. mai.

Elev ser på språkkart i utstillinga i Aasen-tunet

Prisar

Vaksen
kr 100
kr 100
Rabattpris
kr 70

Mållaget, Venelaget Vinje, Venelaget Hauge, tilsette/medlemmar i stiftarinstitusjonane

kr 70
Barn/student
Gratis
Gratis

Prisen inkluderer:

  • film
  • vitjing i utstillingane i Aasentunet
  • omvising/forteljing ute eller i salen (berre om sommaren)

Du kan reservere tid på førehand ved å sende ein e-post til post@nynorsk.no.

Pris for grupper på 10 personar eller meir
Kr 90 per person. For grupper utanom arbeidstid er det dobbel pris.

Omvising skular
Formidlargebyr 500 kr + 30 kr per person.
500 kr ekstra per 30 deltakarar.

Omvising barnehagar
Omvising for barnehagar med aktivitetar og høgtlesing, kostar kr 20 per barn.

Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.

Grupper må ta kontakt på førehand på telefon 70 04 75 70

Omvising

Ei omvising gjennom det gamle tunet på garden Åsen, og gjennom nybygget i Aasentunet, gjer at publikum får meir ut av ei vitjing. Ei omvising varer kring 20 minutt.
 

20. juni – 16. august 
Omvising kvar heile time.
Dokumentarfilmen om Ivar Aasen blir vist kvar halvtime.

 
Grupper må ta kontakt på førehand på telefon 70 04 75 70.

Butikk og kafé

I museumsbutikken finn du alt frå bøker til vesker, t-skjorter, keramikk, postkort, sitjeunderlag og leiker og spel til born. Mange av artiklane i butikken er utvikla av Aasentunet sjølv, noko som gir eit særeige og unikt utval. Artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no.

Kafeen er open for alle og tilbyr ein enkel meny med kake, kaffi og kioskvarer. Kom innom etter et besøk i museet si utstilling, i samband med eit av våre arrangement eller bruk oss som ein møtestad med vennar og kollegaer.

Butikken og kafeen følgjer museet sine opningstider, i tillegg held dei ope i samband med alle arrangement.  

Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken og kafeen.

Tilgjenge og universell utforming

Her finn du oss

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca. ein og ein halv time med bil og ferje frå Ålesund sentrum.

Parkering, tilkomst og inngang

  • Hovudparkeringsplassen ligg like ved avkøyringa frå E39. Det er om lag 5 minutt å gå i ein ganske bratt bakke på veg opp til tunet. Derfor er det ein handikap-parkeringsplass rett ved inngangen og fleire parkeringsplassar oppe i sjølve tunet gjester gjerne kan bruke ved behov. Under Festspela har me skysstilbod opp bakken, og det er høve til å køyre opp for å setje folk av i sjølve tunet.
  • Inngangen er lyssett og det er terskelfri inngang. Det er også lyssett langs vegen opp til tunet.
  • Det er om lag 50 meter å gå frå hovudbygget i Aasentunet til utescena. Gamletunet, med Gamlemuseet, Smia, Bautaen og Stabburet ligg i ein grasbakke med stadvis ganske store høgdeskilnader og snublesteinar. Inngangen til dei antikvariske bygningane er diverre ikkje terskelfri.
  • Det er mogleg å reise til Aasentunet med kollektivtrafikk. Fram Ekspress går kvar time mellom Volda og Kristiansund. Lokalbussane mellom Ørsta og Volda stansar også på haldeplassen Åsen. Det er 650 meter frå haldeplassen Åsen til Aasentunet.
  • Frå Ørsta-Volda lufthamn er det 2,5 km til Aasentunet. Ein kan gå på baksida av flyplassen (Torvmyrvegen) til busshaldeplassen og krysse E39 der. Det er også mogleg å gå til Spar-butikken. Der er det ein undergang til Indrehovdevegen, og spasere langs Indrehovdevegen til tunet. Det er også om lag 2,5 km.
  • Det er sykkelstativ ved parkeringsplassen og mogeleg å parkere syklar i sjølve Aasentunet.

Billettsal

Billettsalet er i betent resepsjon i Aasentunet, og er felles for alle tilboda på eigedomen. For arrangement kan ein kjøpe billettar på førehand, på denne heimesida, eller på appen e-billett. Ver obs på at billettar for følgjekort (også kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov) må bestillast på e-post eller telefon.

Følgjekort (ofte kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov)

Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på post@nynorsk.no eller telefon 70 04 75 70.

Toalett

Toaletta våre ligg like ved resepsjonen, og det er eige HC-toalett.

Tilrettelegging for personar med nedsett rørsleevne (bevegelsesevne)

Utstillinga i Aasentunet er på ei flate, og det er tilgang for det aller meste i sitjehøgd.
Det er stolar og andre sitjemøbel i alle rom i utstillinga.

Det er lagt til rette med ramper for rullestolbrukarar der det er behov i utstillinga, i utstillinga er det heller ingen golvlister til hinder. Det er diverre ikkje fullt tilrettelagt i dei eldste bygningane i tunet, men me kan tilpasse omvisingar slik at alle kan delta.

I resepsjonen er det heis til den andre høgda i bygninga.

Tilrettelegging for personar med nedsett syn

Lyspunkt er plassert, og me nyttar kontrastfargar, slik at mest mogleg er lesbart for flest mogleg. Det er diverre ikkje punktskrift eller audiogaid i utstillinga.

Me har nokre element i utstillinga som er taktile, og me har nokre lytte-stasjonar. Våre tilsette gir gjerne ein introduksjon til utstillinga.

Me tillét førarhundar i utstillinga og på arrangement.

Tilrettelegging for personar med nedsett høyrsel

Videoar i utstillinga er teksta, og vi har gjort tiltak som gjer at lyd i minst mogleg grad smittar frå eit rom til eit anna. Det er installert teleslynge i Salen i Aasentunet. Den fungerer best på sete 2 til 12 på rad 3 til 6.

Tilrettelegging for personar som er kjenslevare for luft-, lyd- eller lysforstyrringar

Reinhaldsrutinane våre gjer at me held utstillingsareala så frie som råd for støv og pollen. Me bed tilsette og publikum vere varsame med bruk av parfyme og sterke luktar.

Lydelementa må oppsøkjast aktivt, og lyden er ganske avgrensa til dei områda.

Det er enkelte taktile element i utstillinga.

Det er vanleg lyssetting, og ikkje bruk av strobelys eller liknande.

Dyr

Det er tilgang for førarhundar og servicehundar i utstillinga. Me reingjer utstillinga slik at ho er så allergivenleg som råd.

Det er ikkje tilgang for andre dyr innandørs på våre arenaer.

Deltaking i fokusgruppe

Me ønskjer å verte betre på universell utforming. Om du ønskjer å bidra i dette arbeidet ved å gi tilbakemeldingar om korleis me kan gjere det betre. Kontakt oss på post@nynorsk.no. Me ønskjer å opprette fokusgrupper for alle utstillingar og arrangement, og der ønskjer me deltakarar med ulike behov.