Hopp til hovudinnhald

Palestinsk poesikveld - Ord har makt

I samarbeid med Aasentunet inviterer Fredsfuglar for Palestina til «Palestinsk poesikveld: Ord har makt».

NB! Arrangementet har funne stad
Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
16. nov. 2025
17.00 – 19.00
  • Mariam A.K. Dajani i kvit frakk og svart pologenser i eit medisinsk laboratorium og Rana Issa med skjorte og svart vest framom ein diffus bakgrunn
    Mariam A.K. Dajani og Rana Issa Privat / Ruben Solér

Med oss denne kvelden har vi poeten Rana Issa  som er medredaktør for boka «Tunga mi protesterer mot døden» og Mariam Amina Kvernberg Dajani som er medisinstudent og har bidrege mykje i ordskiftet kring kva ord som vert nytta om Palestina og palestinarane. Kvelden vil innehalde lesing av palestinske dikt, musikk og samtale.  Tema som vert teke opp er orda si makt, korleis språket vårt formar verdsforståinga vår,  og poesi som motstandskamp og sjølvoppretthalding. 

Frå kl.16.00 er det  fugleverkstad i kaféen.  

Bidragsytarane: Rana Issa er ein libanesisk-palestinsk forfattar, omsetjar og historikar busett i Oslo. Rana er kunstnarleg leiar i Masahat, ei foreining for arabisk kunst og kultur i eksil i Noreg. Ho har doktorgrad i kulturhistorie frå Universitet i Oslo, med ei avhandling om bibelomsetjing til arabisk på 1800- og 1900-talet. Rana har publisert fleire bøker på engelsk og arabisk, og boka «Tung tids tale» er den første boka hennar på norsk. 

Mariam Amina Kvernberg Dajani er medisinstudent og forskar til vanleg på barnekreft ved Rikshospitalet, men som norsk-palestinar har det alltid vore viktig for henne å jobbe for og snakke om Palestina-saka. Dei siste åra har ho sett at dette også nyttar. Mariam var sjokkert over stillheita til norske freds- og menneskrettssenter rundt Gaza og lidingane til palestinarane. I 2024 publiserte ho rapporten «Blindsoner og relativisering». Der kritiserte ho denne stillheita og den skeive og urettferdige språkbruken i sentera sitt undervisningsmateriellet. Rapporten førte til at delar av materiellet no skal reviderast. 

  • Logoen til Fredsfuglar for Palestina
    1/1
    Fredsfuglar for Palestina Fredsfuglar for Palestina