Gjennom språket kan vi uttrykkje meiningar, stille spørsmål, vere ei kritisk røyst og delta i offentleg debatt. Når vi har tilgang til eit språk vi meistrar, får vi også større høve til å bli høyrde og til å forstå kva som skjer rundt oss. Dette gjeld både i møte med offentlege institusjonar, i utdanning, i media og i politiske prosessar.
Eit levande demokrati krev språk som er forståelege, opne og tilgjengelege for flest mogleg.
I denne panelsamtalen møter vi professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, innsikt- og analysesjef i språkrådet, Lars Ivar Nordal og direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik. Dei lyftar fram premissane for eit levande og reelt demokrati i lys av tema som makt, deltaking og tilhøyrsle. Kven får definere orda vi bruker? Kven blir forstått – og kven fell utanfor?
Panelsamtalen blir leia av Astrid Sverresdotter Dypvik.