Hopp til hovudinnhald

Praktisk informasjon

Her finn du informasjon om opningstider, festspelmeny, parkering, transport og overnatting under Festspela.

Opningstider festspelkjøkkenet

Fredag kl. 12.00–20.00
Laurdag kl. 12.00–20.00
Søndag kl. 13.00–16.00

Under Festspela 2026 står Brør bar & bistro frå Volda for festivalmaten i kafeen på Aasentunet. Brør byr på ein spesiallaga festspelmeny basert på kortreiste råvarer og utvikla i dialog med årets festspeldiktar.

Utanom opningstidene til Brør tilbyr kafeen fast meny og kioskvarer.

 

Detaljar frå kafeen

Brør bar & bistro sin festspelmeny

Salat med bakte grønsaker, 
bygg og urtemajones
265 kr

Burger av rive svinekjøt, 
med kålsalat og chilimajones
275 kr

Lammegryte servert 
med sommarkål og ramsløk
375 kr

Glutenfrie og vegetariske alternativ er tilgjengelege.

Arena og parkering

Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca ein time med bil frå Ålesund sentrum.

Aasentunet har parkering langs Indrehovdevegen, men under Festspela har vi ikkje plass til alle.

Blir det fullt langs Indrehovdevegen, har vi avtale med grannar hos øvingsbana til NAF på andre sida av hovudvegen E39.

Rørslehemma

Under Festspela er det reservert tre parkeringsplassar for rørslehemma ved Indrehovdevegen. Diverre er ikkje parkeringa for rørslehemma i sjølve Aasentunet tilgjengeleg under Festspela, men alle som har behov for det får høve til å køyre opp i tunet. Bilen må deretter køyrast ned att. Treng du hjelp til dette, stiller vi gjerne opp. Vi reserverer elles alltid nokre plassar til rørslehemma nær scena i uteamfiet. Øvst i Salen på vestre side er det også plass til rullestolbrukarar.

Alternativ til bil

Generelt vil vi oppmode alle som har høve til å sykle, ta buss eller samkøyre med vener og naboar. Vi har eiga sykkelparkering, og busshaldeplassen Åsen er ikkje langt unna. Det går buss frå Volda og Ørsta minst éin gong i timen, og du kan orientere deg i FRAM-appen. Aasentunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om parkering med gode naboar i nærområdet og parkeringsvakter i aktuelle periodar.

Transport

BIL

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Ørsta og Volda. 
Frå Ålesund er avstanden ca 60 km. Frå Bergen ca 300 km.

Ferjeruter

BUSS

Nattbuss frå Trondheim og Oslo til Volda og Ørsta kvar natt. 

Dagbuss frå Bergen til Volda og Ørsta kvar dag. 
TIMEekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund

Lokalbuss mellom Volda og Ørsta ein til to gonger i timen. Ca. 10 minutt å gå frå buss-stopp.

Bussruter

FLY

Widerøe 
Rutefly fleire gonger dagleg frå Bergen og frå Oslo, 
dels direktefly, dels med mellomlandingar.

Hovden flyplass ligg ca 1 km frå Aasentunet og 5 km frå Volda eller Ørsta sentrum. Frå flyplassen treng ein vanlegvis drosje eller privat skyss. Ca 10 minutt å gå til busshaldeplass. 

Flyruter Widerøe 


Norwegian og SAS 

Rutefly fleire gonger dagleg til Vigra flyplass utanfor Ålesund. Derifrå er det drygt 2 timars busstur til Ørsta og Volda.

Flyruter Norwegian
Flyruter SAS 

 

Her finn du arrangøren

  • Bilete av Programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg og museumsleiar ved Aasentunet Tone Slenes. Dei står framfor steinhuset i Aasentunet. Begge har på seg grå genser.
    Programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg og museumsleiar ved Aasentunet Tone Slenes håpar du vil finne deg godt til rette under Festspela 11.-14. juni. Nynorsk kultursentrum

Opningstider under Festspela

Aasentunet er ope frå kl. 10.00 alle dagar under Festspela 11.–14. juni.