Hopp til hovudinnhald

Raud løpar og store smil: Barnehageborn opna kunstutstilling i Aasentunet

Sist veke vart årets barnekunstutstilling høgtidleg opna i Aasentunet, og i tunet myldra det av stolte og forventingsfulle kunstnarar frå barnehagane i regionen.

  • Smilande jente med regnbukse, støvlar og ullgenser kjem mot kamera på raud løpar
    1/1
    Den raude løparen var sjølvsagt rulla ut for dei unge kunstnarane. Maria Fet / Nynorsk kultursentrum

Temaet denne gongen har vore boka Eit hjarte til jul av Line Dybedal og illustratør Line Renslebråten. Boka handlar om ni år gamle Nora og mor hennar, og noko viktig som må skje for at mor hennar skal bli frisk. Samstundes er det ei forteljing full av julemagi, trøyst og tryggleik, og om det å ikkje gi opp håpet. 

– Kunsten dykkar lar oss oppleve forteljinga om Nora med både auge, øyre, hjarte og hender. Tenk at historia i ei lita bok som denne kan vekse seg stor nok til å fylle heile dette rommet med kunst, sa formidlar Monika Haanes Waagan, før ho tok dei små kunstnarane med på symboljakt gjennom boka.  

Høgdepunktet for mange var snorklippinga, der borna sjølve fekk opne utstillinga. I Salen kunne både små og store beundre dei fargerike kunstverka.  

– Det har vore ei flott veke, og eg må verkeleg rose barnehagane for måten dei har jobba med boka og temaet på. Dei små kunstnarane har skapt noko heilt spesielt, og vi er stolte over å få vise fram verka deira her i Aasentunet, seier Waagan.

  • 1/2
    Maria Fet / Nynorsk kultursentrum
  • 2/2
    Maria Fet / Nynorsk kultursentrum

Boka Eit hjarte til jul av Line Dybedal og illustratør Line Renslebråten er til sals i butikken vår i Aasentunet. Du kan også lese meir om boka og bestille henne boka på handlenett.no.

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2