Hopp til hovudinnhald

Samtale med festspeldiktaren

I «Samtale med festspeldiktaren» får du bli betre kjend med årets festspeldiktar, Brynjulf Jung Tjønn.

I «Samtale med festspeldiktaren» får du bli betre kjend med årets festspeldiktar, Brynjulf Jung Tjønn.

Salen, Aasentunet Festspela 2026
13. juni 2026
14.30
Kjøp billett (fritt seteval)
  • Brynjulf Jung Tjønn i svart t-skjorte framfor eit murbygg
    Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Brynjulf Jung Tjønn er kjend for sitt enkle, men direkte språk som skildrar tema som død, rasisme, arv og identitet. Tekstane er sterke og vakre og ber preg av både lys og mørke. Korleis jobbar ein forfattar seg gjennom så sårbare og personlege tema? Korleis finn ein styrke i skriveprosessen, og kva for utfordringar byr det på? Dette, og mykje meir, utforskar årets festspeldiktar i samtale med forfattar Ruth Lillegraven.  

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Tjønn vart fødd i Sør-Korea og adoptert til Noreg i 1983. Han vaks opp som odelsgut i Feios i Sogn. Han har vore journalist og reporter for VG og NRK, redaktør for nettstaden til Den norske kyrkja, redaktør for tidsskriftet Bokvennen og forlagsredaktør i Det Norske Samlaget. Tjønn har òg vore styreleiar i Den norske Forfatterforening i perioden 2023–2024. 

Som forfattar har Tjønn publisert dikt, noveller og essay i antologiar og magasin, mellom anna i Syn og Segn. Han medverka òg i antologien «Mellom menneske og manus – Følelser, etikk og metode i litteraturen». I tillegg har han gitt ut fleire bøker for både barn, ungdom og vaksne. Døden er eit grunnleggjande tema i forfattarskapen. Familiekriser er òg eit motiv forfattaren nyttar ofte.  

Tjønn fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for «Så vakker du er» i 2013 og Kritikerprisen i 2022 for diktboka «Kvit, norsk mann». 

Ruth Lillegraven er fødd i Granvin i Hardanger. Ho har tidlegare vore informasjonsansvarleg i Det Norske Samlaget og seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga til Samferdselsdepartementet. Sidan 2005 har ho arbeidd som forfattar, på heiltid sidan 2015. Ho har skrive ei rekkje bøker for barn og vaksne. 

  • 1/1
    Ruth Lillegraven Agnete Brun