Hopp til hovudinnhald

Samtale med festspeldiktaren Marit O Kaldhol

I dette forfattarmøtet vil Karen Frøsland Nystøyl gjere oss betre kjend med festspeldiktar Marit O Kaldhol. Gjennom samtalen vil vi få eit innblikk i hennar virke som forfattar, krydra med eksempel frå den rike forfattarskapen.

I dette forfattarmøtet vil Karen Frøsland Nystøyl gjere oss betre kjend med festspeldiktar Marit O Kaldhol. Gjennom samtalen vil vi få eit innblikk i hennar virke som forfattar, krydra med eksempel frå den rike forfattarskapen.

Salen, Aasentunet Festspela 2025
14. juni 2025
14.15 / Laurdag
Kjøp billett

«Samtale med festspeldiktaren» er eit fast innslag under Festspela og gir publikum ei fin moglegheit til å bli betre kjend med årets festspeldiktar.

Karen Frøsland Nystøyl er scenekunst- og litteraturkritikar. Ho skriv mellom anna for NRK og Vårt Land, og er fagredaktør i tidsskriftet Periskop - kritikk av kunst for barn og unge. I 2024 vart ho tildelt Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris.

Marit O Kaldhol er årets festspeldiktar. Ho debuterte i 1983 med diktsamlinga «Lattermilde laken» og har sidan skrive både romanar, noveller og diktsamlingar for barn og vaksne. Kaldhol skyr ikkje kompliserte tema i forteljingane sine, og er kjend for ein oppattakande, intens og tett skrivestil som fengjer lesaren. Språket er knapt og har få stilgrep, men sørgjer for presise og tydelege skildringar. Ho har fått fleire nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna for barneboka «Farvel, Rune» (1986).

  • Portrettfoto i svart og kvit av Marit O Kaldhol
    1/2
    Marit O Kaldhol Ma Ortiz
  • Karen Frøsland Nystøyl i rosa genser sitjande framom ei trapp
    2/2
    Karen Frøsland Nystøyl Privat
Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2