Hopp til hovudinnhald

Seinope: Julestemning med Maria Parr i Aasentunet

Velkommen til ein stemningsfull førjulskveld i Aasentunet! Onsdag 26. november held vi dørene opne litt lenger. Du og dine er hjarteleg velkommen inn til ei koseleg og varm førjulsstund med noko for både store og små.

Velkommen til ein stemningsfull førjulskveld i Aasentunet! Onsdag 26. november held vi dørene opne litt lenger. Du og dine er hjarteleg velkommen inn til ei koseleg og varm førjulsstund med noko for både store og små.

Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
26. nov. 2025
10.00 – 19.30
  • Maria Parr i gul strikkegenser sitjande med ein tilskya himmel som bakgrunn
    Maria Parr Julia Marie Nagelstad

Julehandel i Aasentunet

I museumsbutikken finn du eit stort utval gåver, bøker, lokalprodusert handverk og julegodt – perfekt for deg som ønskjer å handle julegåvene i rolege omgivnader. Vi pakkar gjerne inn gåvene for deg!

Kafé og julestemning

Aasentunet er pynta til jul, vi fyrer i peisen og i kaféen kan du nyte varm drikke og fersk bakst. Vi sel risgrynsgraut og spekemat.

Høgtlesing med Maria Parr

Klokka 18.00 får vi storfint besøk av den folkekjære forfattaren Maria Parr, kjent for bøker som «Vaffelhjarte», «Tonje Glimmerdal» og «Oskar og eg». Ho vil lese høgt frå den siste boka si, «Oskar og eg. Alle tinga vi har».  Forfattaren tar gjerne i mot spørsmål frå tilhøyrarane og signerer bøker.

Vi håpar at dette blir ei flott oppleving for heile familien.

Arrangementet er gratis.

 

Ta med familien og vener – og kom i julestemning hjå oss i Aasentunet!

  • Omslaget frå boka Oskar og eg. Alle tinga vi har.
    1/1
    Oskar og eg. Alle tinga vi har. Samlaget