Hopp til hovudinnhald

Symra-songkurs: Lær folketonar til Ivar Aasen-viser!

NB! Arrangementet har funne stad
Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
09. nov. 2025
11.30 – 14.30 / GRATIS NB: Påmelding og avgrensa tal plassar.

«hos de Konditionerede betragtes jeg nemlig som en Sprogmand, men hos Almuen betragtes jeg som en Digter»

- Ivar Aasen i brev til Carl Unger, 9.11.1850
  • portrettfoto av i svart kvit av Gro Kjelleberg Solli og Øystein Hovland
    1/1
    Gro Kjelleberg Solli og Øystein Hovland Marius Beck Dahle / Privat

Lenge før Ivar Aasen vart kjend som den store språkforskaren, var visene han dikta sungne i hus og heim kring om på Nord-Vestlandet. Den dag i dag kan dei fleste «Nordmannen» (Millom bakkar og berg), og kanskje fleire Aasen-viser. Men dei færraste har høyrt dei mange flotte folketonane til visene hans, som har levd på folkemunne fram til våre dagar. Mange av dei finst no berre i folkemusikk-arkiva, og vert lite brukt. Denne skatten vil Nynorsk kultursentrum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (Viti) få fram i lyset!  

På songkurset får du lære folketonar til Ivar Aasen sine viser frå to folkesongarar frå Møre og Romsdal: Gro Kjelleberg Solli har dukka ned i arkivopptak og sunge liv i gøymde tonar som har vore brukte til Aasen-visene, medan folkesongar Øystein Hovland tek med seg ei rekkje Aasen-viser som han har i familietradisjon. På kurset lærer du songane direkte frå kurshaldarane, slik det er vanleg i folkemusikken. Du treng ikkje kunne folkesong frå før av, men det er fint om du er glad i å syngje.  

Seinare på dag er det konsert med Solli og Hovland og dei lokale barnekora og folkemusikkgruppene Glød, Volda og Ørsta korskule, Øyrafolk og Småkvedarane i Hornindal spelemannslag. Dei har lært seg eit knippe Aasen-viser, som er arrangerte av musikar og komponist Jorun Marie Kvernberg. Kurset og konserten er ein markering av at den endelege utgåva av Symra av Ivar Aasen kom ut for 150 år sidan.  
 
Påmelding til aasentunet@nynorsk.no innan 31. oktober. NB: Avgrensa tal plassar!  

Kafeen i Aasentunet er open under og etter arrangementet, og det vert sal av mat.  

Gro Kjelleberg Solli kjem frå Angvika på Nordmøre og er busett i Os i Nord-Østerdalen. Ho er utdanna folkemusikar og musikkpedagog ved Universitetet i Søraust-Noreg og Noregs musikkhøgskole, og arbeider ved Os kulturskole og som frilans folkemusikar. Solli vann vokal klasse A under Landskappleiken i 2004 og 2012, og gav ut plata «Stien eg fann» i 2018. Solli har medverka på ei rekkje sceneproduksjonar og plater.  

Øystein Hovland kjem frå Ørsta og har utdanning i folkesong frå Universitetet i Søraust-Noreg. Han arbeider til dagleg som lærar og har skrive mastergrad om songkultur på tvers av generasjonar. Hovland har folketonar til Ivar Aasen-viser i familietradisjon.

Arrangementet er støtta av Sparebanken Norge, Tussa, Møre og Romsdal folkemusikklag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.