- 1/1
Synne Vo William Blofeld
Artisten og låtskrivaren Synne Vorkinn (f. 1998) har markert seg tydeleg i sentrum av norsk popmusikk dei seinare åra. Medan ho lenge gjorde seg mest gjeldande som låtskrivar og komponist for andre, har hennar eigen musikk, som ho gir ut under namnet Synne Vo, blitt meir og meir kjend. I 2026 er ho aktuell både i TV-programmet «Hver gang vi møtes» på TV2 og med to konsertar i Oslo Spektrum.
– Dette er ordentleg stas! Veldig kjekt at nynorskbruken min blir verdsett av andre som har den same kjærleiken for språket! seier Synne Vorkinn.
Vorkinn er ein tydeleg nynorskbrukar i eiga marknadsføring og i sosiale medium. Ho skriv nynorsk i ein del av norsk musikkbransje der dette er lite utbreidd, særleg hjå yngre utøvarar. Det har stor verdi for språket at ein ung utøvar som når mange, anten det er i beste sendetid på fjernsyn eller på store arenaer som Oslo Spektrum, også er ein tydeleg nynorskbrukar.
– Synne Vo er eit tydeleg førebilete. Det er inspirerande å sjå korleis ho brukar språket, anten det er uredd og sjølvsagd bruk av nynorsk i sosiale medium og anna marknadsføring, eller lesjadialekta i songtekstane sine, seier Jan Olav Baarøy, styreleiar i Nynorsk kultursentrum.
Prisen blir delt ut under opninga av Festspela 2026 torsdag 11. juni klokka 19.00.
Styret i Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar kvart år. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Sidan første gongen i år 2000 har både offentlege tenestepersonar, folk frå forlagsbransjen, medium, kommunar, kunstnarar, bedrifter og aktivistar fått prisen.
Tildelingane speglar at nynorsk kan og skal vere eit samfunnsberande språk. Språket kan brukast i alle delar av samfunnet, men samstundes treng vi gode føredøme for at det skal halde seg sterkt og bli sterkare på alle område.