- 1/1
Årets nynorskbrukar Synne Vo og styremedlem i Nynorsk kultursentrum Kristin Bakken. Liisa Mänd, Pinea Studio / Nynorsk kultursentrum
Bakken stod for utdelinga då artist og låtskrivar Synne Vo vart heidra som Årets nynorskbrukar 2026 under opninga av Festspela i Aasentunet torsdag 11. juni.
Artisten og låtskrivaren Synne Vorkinn (f. 1998) har markert seg tydeleg i norsk popmusikk dei seinare åra, både som låtskrivar og komponist for andre og som utøvar under artistnamnet Synne Vo.
Gjennom å bruke nynorsk og dialekt i både songtekstar, marknadsføring og i sosiale medium har ho teke språket inn på arenaer der det er viktig at det blir meir synleg.
– Du har blitt eit inspirerande språkleg førebilete for ein ny generasjon, sa Bakken under utdelinga.
Synne Vo er glad for at nynorsk- og dialektbruken hennar blir verdsett av andre som deler hennar kjærleik til språket.
– Dette var utruleg stas! Sjølv om nynorsk alltid har kome naturleg for meg, er det veldig triveleg å få ein slik pris. Nynorsk har vore hovudmålet mitt, og det er ikkje noko eg strevar med. Det einaste som kan vere litt utfordrande, er at eg må korrekturlese alt som andre skal skrive for meg – for eksempel konsertplakaten til Oslo Spektrum. Det er nesten litt underhaldande å sjå kor mange kreative variantar av nynorsk som kan oppstå når ein i plateselskapet i Oslo skal prøve å skrive nynorsk.
Før Synne Vo gjekk av scenen gav ho publikum ei varm og stemningsfull framføring av låtane «Heime» og «Her vil e vær».
Styret i Nynorsk kultursentrum har delt ut prisen Årets nynorskbrukar kvart år sidan 2000. Prisvinnarane kjem frå heile breidda av norsk samfunnsliv – frå offentleg sektor og næringsliv til kunst og kultur, media og organisasjonsliv. Felles for alle er at dei på ulike måtar har styrkt nynorsken si rolle og vist at språket høyrer heime på alle område i det norske samfunnet.
I tillegg til diplom og blomar får prisvinnaren 100 000 kroner.
- 1/1
Synne Vo takkar frå Utescena. Liisa Mänd, Pinea Studio / Nynorsk kultursentrum