Nedsett rørsleevne
Utstillinga i Aasentunet er på ei flate, og det er tilgang for det aller meste i sitjehøgd. Det er stolar og andre sitjemøbel i alle rom i utstillinga. Det er diverre ikkje tilrettelagt for rullestolbrukarar i dei eldste bygningane i tunet, men me kan tilpasse omvisingar slik at alle kan delta. Det er eige HC-toalett i resepsjonen. I resepsjonen er det heis.
Nedsett syn
Lyspunkt er plassert, og me nyttar kontrastfargar, slik at mest mogleg er lesbart for flest mogleg. Det er diverre ikkje punktskrift eller audiogaid i utstillinga. Me har nokre element i utstillinga som er taktile, og me har nokre lytte-stasjonar. Våre tilsette gir gjerne ein introduksjon til utstillinga. Me tillét førarhundar i utstillinga og på arrangement.
Nedsett høyrsel
Videoar i utstillinga er teksta. Det er installert teleslynge i Salen i Aasentunet. Den fungerer best på sete 2 til 12 på rad 3 til 6.
Sensitivitet for luft- lyd- eller lysforstyrringar
Vi held utstillingsareala så frie som råd for støv og pollen. Lydelement må oppsøkjast aktivt, og lyden er ganske avgrensa til dei områda. Det er enkelte taktile element i utstillinga. Det er vanleg lyssetting, og ikkje bruk av strobelys eller liknande.
Dyr
Førarhundar og servicehundar er velkomne i utstillinga. Me reingjer utstillinga slik at ho er så allergivenleg som råd. Det er ikkje tilgang for andre dyr innandørs på våre arenaer.
Parkeringsplassar
Det er ein handikap-parkeringsplass rett ved inngangen og fleire vanlege parkeringsplassar i sjølve tunet. Under Festspela har me skysstilbod opp bakken, og det er også høve til å bringe og hente folk i tunet.
Følgjekort
Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på aasentunet@nynorsk.no eller telefon 70 04 75 70.
- 1/1
Frå utstillinga André Nesheim / Nynorsk kultursentrum