Hopp til hovudinnhald

Usikkerhet i antropocen

Om vippepunkter, angst og vår manglende evne til å forstå og planlegge for fremtidens klimakriser.

NB! Arrangementet har funne stad
Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
21. sep. 2025
18.00 / GRATIS
  • Pressebilde av Marius Timmann Mjaaland
    Marius Timmann Mjaaland UIO

Trygge i menneskets tidsalder?

Det overordna temaet for Forskingsdagane 2025 er tryggleik, og i den ramma inviterer Volda og Ørsta kyrkjeakademi til eit ope møte i Aasentunet om alvoret me står overfor.

Over heile verda opplever me at klimakrisa fører med seg ekstremvêr i form av flaum, turke og politiske konfliktar om knappe ressursar. Global oppvarming kan føre til at jorda passerer kritiske vippepunkt, som kollaps i regnskogen, tundraen, Grønlandsisen eller Golfstraumen. Dette vil få dramatiske konsekvensar for menneska og alt liv – også i politisk forstand. Korleis reagerer me på dette, som enkeltmenneske og som samfunn? Korleis kan det planleggast for kriser – eksistensielt, politisk og sosialt?

Marius Timmann Mjaaland er professor i religionsfilosofi ved Universitetet i Oslo og ein leiande forskar og formidlar når det gjeld økofilosofi, økoteologi og tverrfagleg økologi. Han leier det tverrfaglege prosjektet «DEMOCRISIS: Democracy and Climate Crisis», som studerer (den manglande) evna i demokratiet til å motverke og planlegge for klima- og naturkriser.

Saman med Dag O. Hessen og Thomas Hylland Eriksen gav Mjaaland i fjor ut boka «Antropocen. Menneskets tidsalder» som vart omtala som «årets viktigaste bok».

Uttrykket antropocen («menneske-epoken» eller «menneskets tidsalder») er av fleire forskarar teke i bruk om tidsperioden me er inne i. Poenget er at moderne sivilisasjon pregar miljøet på jorda så mykje at det vert sett av tydelege geologiske spor.

Marius Timman Mjaaland held foredraget «Usikkerhet i antropocen. Om vippepunkter, angst og vår manglende evne til å forstå og planlegge for fremtidens klimakriser». Etter Mjaalands presentasjon vil professor i religionsvitskap ved Høgskulen i Volda, Mathias Nygaard, respondere og innleie til samtale om tematikken.

 

Kaféen i Aasentunet er open til kl. 20.30 i samband med arrangementet.