Hopp til hovudinnhald

Konsert med Ingebjørg Bratland

Utekonserten med Ingebjørg Bratland er eitt av dei store høgdepunkta under Festspela i 2025. Velkomen til ein magisk sommarkveld i Aasentunet!

NB! Arrangementet har funne stad

Utekonserten med Ingebjørg Bratland er eitt av dei store høgdepunkta under Festspela i 2025. Velkomen til ein magisk sommarkveld i Aasentunet!

Utescena, Aasentunet Festspela 2025
14. juni 2025
20.00 / Laurdag

Bratland har ein imponerande karriere bak seg, med alt frå rosande omtale for albuma sine, til gripande framføringar under viktige nasjonale hendingar. Mange hugsar framleis augeblinken på Slottsplassen i 2007, då ho framførte den «Den fyrste song» til ein rørt Kong Harald på 70-årsdagen hans. Like sterkt står den gripande formidlinga av Nordahl Griegs «Til ungdommen» under minnekonserten i Oslo Domkyrkje 30. juli 2011. 

Ho er òg kjend for sine nære tolkingar av songar som «Jul i Svingen», «Fordi eg elskar deg» og «Ljos», og ho har rørt publikum i alle aldrar med musikken sin. 

Vi ønskjer velkomen til ein magisk utekonsert under Festspela.

  • Artistfoto av Ingebjørg Bratland som skuggar for sola med handa
    1/1
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2