Hopp til hovudinnhald

Utekonsert med Snaustrinda Studentspelemannslag

Kom og opplev folketonar i friluft, når Snaustrinda Spelemannslag speler opp på utescena i Aasentunet.

NB! Arrangementet har funne stad

Kom og opplev folketonar i friluft, når Snaustrinda Spelemannslag speler opp på utescena i Aasentunet.

Aasentunet
25. juli 2026
13.00 GRATIS
  • Gruppebilete av Snaustrinda spelemannslag, alle med sine instrument
    Snaustrinda

Gruppa er eit studentspelemannslag ved Studentersamfundet i Trondheim. Repertoaret deira består av folkemusikk frå ulike krikar og krokar i landet, og gruppa speler opp til dans, held konsertar og deltek på tevlingar. Konserten i tunet er ein del av sommarturneen deira langs Nord-Vestlandet, med endestasjon på landsfestivalen i Vågå.

Arrangementet er gratis og ope for alle og kan gjerne kombinerast med ein god lunsj eller kaffikopp frå kafeen. Om sommarvêret lèt vente på seg, flyttar konserten inn i museet.

Velkomen til ein musikalsk laurdag i Aasentunet.