Hopp til hovudinnhald

Utleige

Skal du arrangere kurs, møte, selskap eller konsert? Lokala i Aasentunet høver godt for ulike typar arrangement. Fortel oss kva du treng, så tilpassar vi tilbodet ut frå gruppestorleik og arrangementstype, med eller utan omvising.

Salen har 110 gode sitteplassar i amfi. I tillegg er det plass til inntil 40 i trappene. Kafeen har normalt om lag 50 plassar fordelt på småbord, men her kan kapasiteten aukast vesentleg ved førehandstinga servering.

I tillegg til rein romutleige, har vi utarbeidd eigen meny i samarbeid med Osdals catering. Vi tilbyr sjølvsagt også omvisingar i utstillingane i nybygget og i gamletunet, gjerne som ein del av ein seminardag.

Leige av lokale i Aasentunet må tingast seinast ein månad i forkant av arrangementet. Avbestilling mindre enn 14 dagar før arrangementet vert fakturert med 50% av leigekostnaden. Vi gjer unnatak for gravferd og minnestund.

Detaljar frå kafeen Monika Haanes Waagan / Nynorsk kultursentrum

Kafeen

Kafeen har normalt 50 sitteplassar fordelt på småbord, men her kan kapasiteten aukast vesentleg ved førehandstinga servering. Snakk med oss om bruk av teknisk utstyr, møblering og anna. 

Kapasitet:
Mottak (ståande): 120
Servering (sittande): 50

Sal med stolrader og vakkert belyst scene Nynorsk kultursentrum

Salen (amfi)

Salen har 110 gode sitteplassar i amfi. I tillegg er det plass til inntil 40 i trappene. Snakk med oss om bruk av teknisk utstyr, leige av teknikar, ønske om scenemøblering og anna. 

Kapasitet

Sitteplassar (stolar): 110

Oversiktsbilde av fullsett uteamfi og scene med artistar Nynorsk kultursentrum

Uteamfi

Uteamfi med tak over scene. Stemninsgfullt og perfekt for ein varm sommarkveld.

Kapasitet:

  • Sitteplassar (amfi): 300
  • Sitte-/ståplassar (utanfor amfi): 300+

Prisliste

Gjeld frå 3. desember 2024.

Leige av lokale i Aasentunet må tingast seinast ein månad i forkant av arrangementet. Avbestilling mindre enn 14 dagar før arrangementet vert fakturert med 50% av leigekostnaden. Vi gjer unnatak for gravferd og minnestund.

Prisen inkluderer bruk av teknisk utstyr. Mat og drikke kjem i tillegg, ta kontakt for tilbod.

Merk! Ved ønskje om stemming av flygelet dekkjer leigetakar kostnadane for dette.

Prisliste for arrangement utan billettinntekter

Prisliste for arrangement utan billettinntekter
Leige av kafeen i opningstida Ta kontakt
Salen i opningstida, til og med 50 personar 6 000 kr
Salen i opningstida, 51–110 personar 8 000 kr
Kafeen utanom opningstid, til og med 30 personar* 4 000 kr (ved fleire enn 30 personar, ta kontakt)
Salen utanom opningstid, til og med 50 personar* 8 000 kr
Salen utanom opningstid, 51–110 personar* 10 000 kr
Kvit stoffduk: per 10 meter 500 kr
Stor kanne med kaffi 299 kr
Tilbod: Frukt og kaffi per deltakar/gjest 100 kr

Prisliste for arrangement med billettintekter

Prisliste for arrangement med billettintekter
Leige av Salen 6 000 kr
Teknikar per time for betening av lys- og lydanlegg 1 000 kr

*For leige utanom opningstid utover 5 timar kjem eit tillegg på kr 1000 per time.

Prisliste for ideelle lag og organisasjonar

Gjeld frå 3. desember 2024.

Leige av lokale i Aasentunet må tingast seinast ein månad i forkant av arrangementet. Avbestilling mindre enn 14 dagar før arrangementet vert fakturert med 50% av leigekostnaden. Vi gjer unnatak for gravferd og minnestund.

Prisen inkluderer bruk av teknisk utstyr. Mat og drikke kjem i tillegg, ta kontakt for tilbod.

Prisliste for arrangement utan billettinntekter

For ideelle lag og organisasjonar

Prisliste for arrangement utan billettinntekter For ideelle lag og organisasjonar
Leige av kafeen i opningstida Ta kontakt
Salen i opningstida, til og med 50 personar 3 000 kr
51–110 personar 4 000 kr
Kafeen utanom opningstid, til og med 30 personar* (ved fleire enn 30 personar, ta kontakt) 2 500 kr
Salen utanom opningstid, til og med 50 personar* 4 000 kr
51–110 personar* 5 000 kr
Kvit stoffduk: per 10 meter 500 kr
Stor kanne med kaffi 299 kr
Tilbod: Frukt og kaffi per deltakar/gjest 100 kr

Prisliste for arrangement med billettintekter

For ideelle lag og organisasjonar

Prisliste for arrangement med billettintekter For ideelle lag og organisasjonar
Leige av Salen 3 000 kr
Teknikar per time for betening av lys- og lydanlegg 1 000 kr

*For leige utanom opningstid utover 5 timar kjem eit tillegg på kr 1000 per time.

Merk! Ved ønskje om stemming av flygelet dekkjer leigetakar kostnadane for dette.

Meny

Gjeld frå 31. januar 2024

Alle rettane blir levert av Osdal Catering og kan lagast gluten– og laktosefrie.

Opne menyen

Opne menyen
Wraps (gluten, laktose, egg) Vel mellom kylling, skinke og vegetar. 139 kr
Pastasalat (gluten, laktose, egg) Krema pastasalat med brød og smør. 179 kr
Blomkålsuppe eller skogsoppsuppe (gluten, laktose) Servert med brød og smør. 199 kr
Brennsnut Servert med brød og smør. 199 kr
Lapskaus Servert med brød og smør. 219 kr
Tapas (gluten, laktose, egg) Spekemat, ymse ostar, potetsalat med bacon, kjøtbollar i salsa, brucetta toppa med gorgonzola, chilimango-dip, marinerte reker, urtemarinerte laukringar, salt- og urtebaka poteter, dadlar med bacon og godt brød. 459 kr
Kaldtbord (gluten, laktose, egg) Spekemat, røykt laks med eggerøre, roastbiff med remulade og lauk, waldorfsalat, frisk salat, potetsalat, kyllinglår og godt brød. 459 kr
Raud bacalao (fisk) Servert med brød og smør. 359 kr
Biffgryte (laktose) Servert med frisk salat, ris, brød og smør. 349 kr
Kyllinggryte (laktose) Servert med frisk salat, ris, brød og smør. 339 kr
  • Detaljar frå festpynta bord
    1/8
  • Festpynta bord i kafeen
    2/8
  • festpynta bord i kafeen
    3/8
  • Detaljar frå festpynta bord
    4/8
  • Detaljar frå kafeen
    5/8
  • Frukt og sjokolade
    6/8
  • Detaljar frå kafeen
    7/8
  • 8/8
    Monika Haanes Waagan / Nynorsk kultursentrum
Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2