- 1/1
Stein Torleif Bjella Pressefoto
– 25 år med det nye Aasentunet rommar enormt mykje. Opninga i 2000 markerte ein ny æra for vern og formidling av den nynorske skriftkulturen. Klart dette må feirast! seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum.
Eit variert festivalprogram
Temaet for årets festival er «samspel», og du får møte kjende utøvarar som Hilde Myklebust, Tore Kvæven og Runar Gudnason. I tillegg til gratiskonserten med Stein Torleif Bjella på torsdagen, kan du få med deg Ingebjørg Bratland laurdag 14. juni og med Beate S. Lech søndag 15. Juni på Utescena i Aasentunet.
– Nytt på programmet i år er gratis omvising i Aasentunet og Sivert Aarflot-museet, fortel Ida Karin Aarflot Kornberg, konstituert arenaleiar ved Aasentunet og ansvarleg for Festspela. - I tillegg arrangerer vi fagdag i samarbeid med Høgskulen i Volda, Festsprell-arrangement for barn og unge, og møter mellom anna Maria Lavik og Frode Flemsæter i samtale med Guri Sørumgård Botheim om å forlate heimgarden til fordel for bylivet.
Under debutantpraten fredag 13. juni, samtalar Inger Johanne Sæterbakk med Mone Celin Skrede og Solveig Mork Holmøyvik om å skrive personleg og rått om eigne livserfaringar. Laurdag ettermiddag vil Gunnhild Øyehaug fortelje om naturskildringane til Sigrid Undset og korleis dei har påverka hennar eiga skriving, og det blir lokal underhaldning med ein god dose humor i «Møre-Nytt på nytt» på Møre folkehøgskule same kveld.
Søndag blir 100-årsjubileet til Nynorsk salmebok frå 1925 markert med ei rekkje arrangement i Aasentunet, før fire dagar med feiring av nynorsk språk, litteratur og kultur blir avslutta med ein salmekveld i Volda kyrkje, i samarbeid med Volda sokneråd og Norsk hymnologisk foreining.
Bli kjend med festspeldiktaren
Årets festspeldiktar er Marit O Kaldhol. Ho har ein rik forfattarskap som vitnar om ei særeigen evne til å fengsle publikum med engasjerande og kompliserte tema. Kaldhol debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken. I 1986 kom barneboka Farvel, Rune, med banebrytande skildringar av døden, noko som gav henne fleire internasjonale utmerkingar.
Under Festspela vil festspeldiktar Kaldhol samtale om mellom anna økolitteratur, litteratur som verktøy i sorg og den nynorske salmehistoria.
Dette – og mykje meir – kan vi freiste med når startskotet for Festspela går 12. juni! Så det er berre å sikre seg billett til programmet og plass under opninga på nynorsk.no, avsluttar Kornberg.
- 1/1
Konstituert arenaleiar ved Aasentunet Ida Aarflot Kornberg og ansvarleg for dei frivillige under Festspela Kjersti Perjord Vartdal Nynorsk kultursentrum