Hopp til hovudinnhald

Verda den vide: Tyskland – Noregs nye besteven? – føredrag ved Astrid Sverresdotter Dypvik

NB! Arrangementet har funne stad

I dette føredraget fortel Astrid Sverresdotter Dypvik om korleis det som skjer i Tyskland påverkar Noreg og resten av Europa. 

Salen, aasentunet Festspela 2026
12. juni 2026
15.00
  • Astrid Sverresdotter Dypvik. Foto: Tankesmien Agenda

I den urolege tida vi lever i, blir samarbeid og samhald stadig viktigare. Tyskland er Noregs viktigaste handelspartnar og ein nær politisk alliert. I dette føredraget fortel Astrid Sverresdotter Dypvik om korleis det som skjer i Tyskland påverkar Noreg og resten av Europa. 

Astrid Sverresdotter Dypvik er journalist og historikar med spesiell interesse for Tyskland og jobbar no som rådgivar i Tankesmien Agenda. Dypvik debuterte som sakprosaforfattar med boka «Det var DDR» og gav seinare ut boka «Den kortaste historia om Tyskland – frå år 9 til no». Ho har tidlegare vore redaktør for tidsskriftet Syn og Segn og journalist i Nationen, Dag og Tid og Morgenbladet. Ho har også vore debattredaktør i Klassekampen. 

Arrangementet er i samarbeid med Human-Etisk Forbund Søre Sunnmøre.