Arne Apelseth. Foto: Cecilie Hatløy/Møre Media.
Starten for ein slik måte å tenkje på finn ein fleire hundre år tidlegare, i den språkfilosofien som folk flest møtte i eldre lutherdom, og som vart vidareført i pietismen. Aasens meir praktiske eller rasjonelle grunngivingar kan ein knyte til grunnlovspatriotismen, ein mentalitet som nærmast kravde at den einskilde skulle gjere noko for fedrelandet – slik Hans Strøm, Jakob Bjørkedal og Sivert Aarflot hadde gjort før han i hans eige heimområde.
Aasen var ikkje berre å sameine slike intellektuelle føringar til ein eigen syntese, men òg å utvikle denne syntesen vidare politisk som språkvitskapleg, og då innanfor den nye politiske ramma som ein suveren norsk stat med skriven grunnlov baud han. Dei fusjonerte ideane vart både grunnsteinar og berebjelkar i Aasens program for landsmålet, og dei var nærverande i argumentasjonen for ein skriftstandard som på alle vis skulle innfri som eit nasjonalt skriftspråk.
Arne Apelseth har vore professor (no emeritus) i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han har især vore oppteken av korleis skriftkultur utvikla seg i lågare samfunnslag under ytre påtrykk frå reformasjon, opplysningsidear og nasjonsbygging, og korleis dette verka inn på Ivar Aasen og ideane hans for eit nynorsk skriftspråk. Apelseth har i fleire år vore førelesar ved masterstudiet i nynorsk skriftkultur.
Innhaldet vil også verte tilgjengeleg for publikum i tekstform etter føredraget.