Adventskalender 2021

13. desember

kontaktliste
ei rekkje med namn, svarte på kvitt
ein heil liten by, så livleg, mangt går føre seg
det finst ikkje fnugg av vond handling, vond tale i den
alt livet i mobilen, ja eg nesten høyrer kjenningane, i stova si eller ute
og ei død, ho ikkje kan svare
lyttepost kan den og vere, den er det no, har ei låg summing

ei vinternatt let eg mobilen merke handa, varmen som snart er kulden
det er stilt, men innimellom: stutte, nesten uhøyrlege knepp
kvar gong ei supernova går av

Kjartan Hatløy