Adventskalender 2021

18. desember

På ein benk ved Nidelva

Det er først når ein skrur av kjøkkenvifta, etter la oss seie ein time med matlaging, at ein merker kor sliten ein blir av lyden ho lagar. Omtrent slik har eg det når eg ein sjeldan gong tar meg tid til å sette meg ned på ein av benkane i parken, utan verken mobil eller andre teknologiske innretninger som har til hensikt å flytte meg til ein annan stad enn der eg eigentleg er, når eg sitt heilt stille og berre tar inn alt rundt meg: Skrapelyden idet eit vindkast drar to tørre haustblad over grusen. Rusmisbrukaren som kjem hastande forbi, ansiktssliten og med pupiller som minnar om fluger fanga i ei taklampe, sannsynlegvis på veg til sentrum, der ei ny ladning heroin har komme. Fuglen som lettar frå treet bak meg og glir over elva, med buken opplyst av den lave sola, slik at eg kan sjå dei brune, pilspissforma spettane i fjærdrakta. Og studentane som straumar til og frå kafeane, kledt i billige, men fine og nøya utplukka bruktklede, døde menn og kvinner sine klede, pakka saman av sørgande sonar og døtre og kjørt ned til næraste Fretex-butikk. Ein gong er det mine barn som skal pakke ned mine klede, tenker eg, der eg sitt, fortsatt heilt stille, med det eine beinet over det andre, mens eg kjenner meir og meir på kor høgt eg elskar dette livet, denne tida og dette landet.

Carl Frode Tiller