Adventskalender 2021

5. desember

Sikkert og visst

Ja, det er rusk og rask
i kvar krik og krok, sa han
– Kva? sa eg

Rusk og rask,
skrik og skrål
og drit og lort –
i hytt og vêr!
– Ja vel, sa eg

Berre dill og dall,
pomp og prakt,
og tant og fjas
– Kva med kjas og mas?

Støtt og stadig!
Dei svinsar og svansar,
hoppar og sprett
og får i pose og sekk
– Og haug og dunge?

Rett og slett!
Det varer og rekk!
Kjem her på
rad og rekke
med brask og bram
og skal ha! skal ha!
i bytte og spann
– Kven? sa eg

Pakk og bøle, sa han
– Begge to?

Kreti og pleti,
rått og rote,
jamt og trutt
i alle former og fasongar!
– Ja, det ruslar og går, sa eg

Men eg vil berre sitje her
i ro og mak
og fryd og gammen, sa han
– I fyr og flamme?

På sett og vis,
men eg er basta og bunden
– Og fri og frank! sa eg

Ja, takk og lov, sa han
– Det er vel både-og, sa eg

Runar Gudnason