Adventskalender 2021

8. desember

Hilde Myklebust

Syltedalen, vanylven

Hilde Myklebust er ein forfattar og småbrukar frå Vanylven. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born. 

Myklebust debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare (2005), som inneheld forteljande dikt om familie og arv, jord og natur. Gjennom kvardagslege observasjonar og lågmælte refleksjonar speglar Myklebust slike store tema, og med oppfølgjaren Søkk (2008) stadfesta ho at ho er ein dyktig lyrikar. I diktsamlinga Kvar ein fugl (2018) dreier dikta rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon. Myklebust har skrive romanen Glødepunkt (2011) og fleire bøker for barn, mellom anna Ylva og villgeitene (2020). 

Myklebust sat i Det litterære Råd i Den norske Forfattarforeining frå 2013 til 2015. 

Under Ulvik poesifestival i 2004 fekk Myklebust lyrikkprisen saman med Ørjan Simonsen. I 2020 fekk Myklebust Diktartavla. 

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Eivind Myklebust. Les meir på allkunne.no.

Film av Blåst Film

Podkast med Bjørn Vatne og Hilde Myklebust

Portrett av Fotograf Ma

Hilde Myklebust, foto: Ma Ortiz
Hilde Myklebust, foto: Ma Ortiz
Hilde Myklebust, foto: Ma Ortiz

Ma Ortiz
Fotograf Ma er ein etablert kunst-, portrett- og bryllaupsfotograf som har fått nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt.

fotografma.no

Bjørn Vatne
Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodane til Stader for skrift. 

Blåst Film
Brørne Are og Sturla Pilskog etablerte Blåst Film i 2009. Dei har vunne internasjonale prisar for dokumentarfilmane sine i, blant anna Kunsten å leggje seg paddeflat  (2017) og Havets sølv  (2016). 

blaastfilm.no

Bilete av Hilde Myklebust

Hilde Myklebust
Hilde Myklebust er ein forfattar og småbrukar frå Vanylven. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born.