Aktuelt

Bilete av Kari Stai

Kari Stai er festspeldiktar i 2023

– Eg vart nokså overrumpla og mållaus da eg vart spurt om å vere festspeldiktar! For ei ære!, seier forfattar, illustratør og biletkunstnar Kari Stai. No gler ho seg til å treffe publikum på Festspela i Aasentunet 8.–11. juni 2023.

Les meir
Bilete av Einar Økland

Einar Økland opnar Poesifestivalen

Eit av landets beste liveband Vallkyrien Allstars, den allsidige forfattaren Einar Økland og vinnar av Tarjei Vesaas» debutantpris 2020 Karoline Brændjord, er nokon av dei som gjestar Olav H. Hauge si heimbygd festivalhelga 9.-11. september.

Les meir
Bilete av Steinar Opstad

Diktartavla 2022 til Steinar Opstad

Laurdag 11. juni avduka Steinar Opstad si diktartavle på Diktarstien i museumstunet på Hardanger folkemuseum. Opstad er no den 30. prisvinnaren sidan Diktarstien vart oppretta i 1993 då Olav H. Hauge fekk prisen.

Les meir
Bilete av Eva Weel Skram spelte for eit fullsett uteamfi i Aasentunet under Festspela 2022

Sterke forteljingar og kulturopplevingar på Festspela

Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og lærerikt program under Festspela 2022. – Det har vore fantastisk å på nytt fylle uteamfiet. Vi er imponerte over publikum som ber om ekstranummer mellom regnbyene. Det har vore ei stor glede å få besøk av sterke forfattarar og dyktige kunstnarar i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik i Aasentunet.

Les meir
Kollasj av Martine Grande og Lurivar med det hemmelege skrinet.

Festival for heile familien

Aasentunet og Nynorsk kultursentrum ønskjer å ha gode tilbod for barn og unge gjennom heile året. Under Festspela 9.–12. juni vert det mellom anna Lurivar-framsyning i uteamfiet, Festsprell i Ørsta og Volda, i tillegg til familieframsyning på Høgetua.

Les meir