Aktuelt

Treng meir for å følgje opp språklov

I framlegget til Statsbudsjett 2022 gir regjeringa tilskot til ein nynorsk forfattarskule for etniske minoritetar, og til framleis arbeid med automatisert omsetjing frå bokmål til nynorsk.
– Likevel blir satsinga på det språklege mangfaldet for svak, og den nye regjeringa har sjansen til å få til løftet som trengst for at den nye språklova skal lykkast, seier fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Les meir

Norsk-latvisk samarbeid

Gjennom eit arbeidsseminar i Ørsta har Nynorsk kultursentrum og den latviske organisasjonen House of Languages/Valodu Muzejs lagt grunnlaget for eit toårig samarbeidsprosjekt om språk, med fokus på nynorsk og latgalisk.

Les meir

Øystein Orten og Svein Sæter i samtale om krigen

Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal er godt i gang med haustturneane i fylket. 28.–30. september møter forfattarane Øystein Orten og Svein Sæter publikum på biblioteka i Valldal, Fosnavåg, Volda og Sula. «Skal vi aldri bli ferdige med krigen?» blir ei interessant stund med refleksjonar og diskusjonar.

Les meir

Tett mellom høgdepunkta på Poesifestivalen

Eit begeistra publikum kunne gå frå høgdepunkt til høgdepunkt under Poesifestivalen 2021. – Me har fått utruleg gode og hyggelege tilbakemeldingar frå både publikum og utøvarar, og er veldig nøgde med festivalen, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret.

Les meir

Olav H. Hauge-stipendet til Endre Olsen

Songaren og låtskrivaren Endre Olsen frå Stord fekk Hauge-stipendet under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 3. september.
– Eg kan ikkje tenkje meg noko som er større enn å ta i mot ein pris i namnet til Olav H. Hauge. Dette er ei stor æra, seier han.

Les meir

På turné med Gamle menn i syningom

Arnfinn Kolerud er ein profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar som har vunne fleire litterære prisar og fått gode kritikkar for den siste boka si. Saman med Nynorsk kultursentrum held han 3.–7. september foredrag på Voss, Etne, Kinsarvik og i Haugesund om den siste romanen, som går inn i den norske språkstriden. 

Les meir

10 000 leksikonartiklar på nynorsk

I 2020 gjekk Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon (SNL) saman om eit strategisk samarbeid for å få meir nynorskinnhald i SNL. Med artikkelen om klimaflyktningar frå Allkunne har SNL no runda 10 000 leksikonartiklar på nynorsk.

Les meir

Ny opplæringslov

Regjeringa er historiske når dei går inn for å gje elevar rett til å gå i eiga nynorskklasse ut ungdomsskulen i framlegget til ny opplæringslov, men dei tek ikkje nye grep for å sikre at digitale læremiddel kjem på nynorsk.

Les meir