Aktuelt

Bilete av ISÁK

​​ISÁK entrar scena under Litteraturdagane i august​

Torsdag 24. august står musikar og samfunnsaktivist Ella Marie Hætta Isaksen og bandet ISÁK på scena i Raulandsakademiet. – Me ynskjer å nå eit yngre publikum, og tenkjer at denne konserten i oppstartsveka ved Universitetet i SørAust-Noreg legg til rette for dette, seier digitalformidlar ved Vinjesenteret, Mari Tveiti.

Les meir
Bilete av Bjørn Eidsvåg og nærmare 650 gjestar i Uteamfiet i Aasentunet

Strålande Festspel

Strålande sommarvêr la rammene for ei fantastisk festivalhelg, med eit variert og innhaldsrikt program og høg kunstnarleg kvalitet. Laurdag kveld fekk nærmare 650 gjestar oppleve ein magisk konsert med Bjørn Eidsvåg i Uteamfiet i Aasentunet.

Les meir
Bilete av Svein Olav Langåker frå Framtida Junior og styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal

Framtida Junior fekk prisen Årets nynorskbrukar

Det var ein glad Svein Olav Langåker som tok i mot prisen Årets nynorskbrukar 2023 på vegner av Framtida Junior, under fagseminaret til Festspela torsdag 8. juni. Framtida Junior fekk prisen for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne for 7–13-åringar.

Les meir
Bilete av Siri Beate Gjerde Tone Slenes og Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid med andre nynorskinstitusjonar. Millionane vil kome nynorskbrukarar spesielt i utsette pressområde til gode, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Les meir
Bilete av Gro Dahle

Gro Dahle får Diktartavla 2023

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den folkekjære poeten Gro Dahle med ein plass på Diktarstien. Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum laurdag 10. juni kl. 15.00.

Les meir

​​Litteraturdagane med motkultur på programmet​

I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse.

– Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.

Les meir