Aktuelt

Illustrasjonsfoto av boka Høge brelle og bilete av forfattaren av boka Kjell Andreas Oddekalv

Lansering av Side Brok-bok på Stødt

Kjell Andreas Oddekalv frå Volda har doktorgrad i rap-flow og har skrive bok om det første Side Brok-albumet, Høge Brelle. På Stødt bar og scene i Ørsta sentrum blir boka feira med samtale og konsert.

Les meir
BIlete av Stig Helset, Liv Astrid Langnes, Fredrik Hope, Gudrun Klove Juuhl, Hjalmar Eiksund, Kristin Sjohelle, Narve Fulsås og Jorid Saure

Open fagdag om nynorsk skriftkultur

Tilsette, studentar og andre interesserte er velkomne til årleg fagdag om nynorsk skriftkultur. Programmet rommar siste forsking på målformer og språkbyte i skulen, biblioteka si rolle i språkpolitikken, ressursar for norsklærarar og innsikt i korleis bruke arkiv og fagbibliotek som kjelder til å finne svar på bestemte forskingsspørsmål knytte til vitskaplege artiklar eller masteroppgåver.

Les meir
Bilete av Per Magnus Finnanger Sandsmark

Lågare nynorskdel i statsbudsjettet

Nynorskinstitusjonane får mindre del av kulturbudsjettkaka enn før. – Det er synd at nynorskdelen av kulturkronene er mindre. Ambisjonane for nynorsk i 2023 burde vore like store som dei samla ambisjonane for kulturfeltet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Les meir
Nynorsk kultursentrum: Styreleiar Reidar Sandal og direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Familie- og kulturkomiteen: Ragnhild Male Hartviksen (Ap), leiar Grunde Almeland (V), Margrethe Haarr (Sp), Åse Kristine Ask Bakke (Ap), komitésekretær Ingrid Sand, Silje Hjemdal (FrP), nestleiar Tage Pettersen (H), Kathy Lie (SV), Turid Kristensen (H) og nestleiar Åslag Sem-Jacobsen (Sp).

Kulturkomiteen vitja Aasentunet

For første gong var heile familie- og kulturkomiteen i Stortinget på besøk til Nynorsk kultursentrum i Aasentunet. – Kvart år byrjar over 7 000 fyrsteklassingar med nynorsk som førstespråk. Det er eit av dei største mindretalsspråka i Europa. For at det skal halde fram må me ha både vitskap og kunst, sa styreleiar Reidar Sandal til stortingspolitikarane.

Les meir
Bilete av Hilde Myklebust

Litterære gratisarrangement på Sunnmøre

I haust kan publikum glede seg til nye gratisarrangement frå Litteraturhus i Møre og Romsdal. Biblioteka i 13 kommunar på Sunnmøre vil huse til saman 35 arrangement. Det blir mellom anna forfattarmøte, juleframsyningar og høgtlesing for barn.

Les meir
Bilete av Steinar Opstad

Festivaldikt

Poetane Steinar Opstad, Aina Villanger, Einar Økland og Mary Ailonieida Sombán Mari har alle skrive eit originaldikt til årets Poesifestival som vart framført under opninga. Dikta har ei opa tilnærming til festivaltemaet Fri.

Les meir