Aleine saman – korona og kulturen

Frå utstillinga Aleine saman

Kva skjer med oss når det uventa plutseleg hender?

Koronapandemien førte til at samfunnet brått blei stengt ned torsdag 12. mars 2020. Dagane vidare, fram til alle tiltaka mot virusutbrotet ein gong blir oppheva, pregar samtida – og dette kjem til å vere ein stor del av forteljinga om oss i ettertida.

Mange blei engstelege, isolerte og aleine. Samstundes blei det ei påminning for oss alle om kor viktig det er med samhald, håp og fellesskap.

Nynorsk kultursentrum ville bidra til å skape kunst og ytringar som spegla denne spesielle tida. Vi engasjerte derfor ulike skrivande, teiknande, syngjande og forteljande kunstnarar og kunnskapsformidlarar til å dele opplevingar og tankar.

Fleire av bidraga finn du her i denne Aleine saman-utstillinga. Alle dei 70 bidraga finn du på nynorsk.no.

Så kom dei stille dagane
hamrande ned over oss
Vi såg på kvarandre

sjenerte igjen
fine igjen
redde igjen

Utdrag frå diktet «Dei stille dagane» av Tore Renberg (2020)

Kurator:
Per Magnus Finnanger Sandsmark, Geir S. Netland og Jorid Lekve Eide

Samarbeidspartnarar:
Overhaus (Formgjevar)

Praktisk:
Utstillinga består av:
– 1 stk. info-plakat (med informasjon om utstillinga)
– Utstillingskatalog (50 stk. pr. bestilling)
– 16 stk. hyllemodular (plasserast inn i bokhyller i biblioteka)

Storleik (ferdig montert):
Hyllemodulane er 25×25 cm.

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Aleine saman – korona og kulturen

No er mange aleine, men me er det saman. Kanskje får kunsten og artiklane på desse sidene ny meining i ei underleg tid for deg eller andre? Nynorsk kultursentrum har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar og vitskapsfolk om å dele sine bidrag.

Dagane frå torsdag 12. mars 2020 og til alle dei særlege tiltaka mot virusutbrotet er oppheva ein gong i framtida pregar samtida, og kjem til å vere ein stor del av forteljinga om notida for framtida. Nynorsk kultursentrum meiner at kunstnarar, journalistar og vitskapsfolk kan seie noko særskild om denne tida, dei kan samle, provosere, dokumentere, nyansere, spekulere og gi oss alle nye innblikk i kva som skjer og har skjedd.