Aleine saman - korona og kulturen

stakkars syn

eg ser for meg

            eit glatt andlet   eitt daudt auge

            open som ei rose   stinkande

eg opnar auga   i handa ein polert kalkstein

han ligg brydd   seier

ikkje gi meg det stakkars synet ditt

det du kastar til meg kastar eg tilbake

 

på bordet veks roser opp av arka

          månadene bøkler seg forbi

          vindauget    skabbkattar

          i våren si blå tørke

 

la dei frosne rosane fortsette

sitt alltid døyande   på den døyande alltida

 

eg lukkar auga att    legg kalksteinen

over det daude  

 

Bendik Vada / 2020

@Ådne Dyrnesli

Bendik Vada

Bendik Vada (f.1996) brakdebuterte med diktsamlinga "Vak" i 2017. Vak er ei vandring, ein rytmisk song, skriven på trønderdialekt. I 2020 kom diktbok nummer to; "Virkelig igjen". Foto: Finn Ståle Felberg