Aleine saman - korona og kulturen

Null meter (ei oppfordring)

Privilegiet i å vera innestengd i ein heim – for det er ein heim,
å arbeida frå heimen – for det er arbeid,
for meg er viruset ei krone, korona er krona mi
og hierarkiet lever gjennom meg
og perspektivet døyr gjennom stengde augnelok

men eit anna perspektiv styrkar seg no,
når eg ser dei som ikkje er krona,
–– dei som ikkje har heim, eller arbeid, eller rettar,
dei som ikkje ein gong har to meter for seg sjølve,
dei som gjerne skulle hatt nokon å vera to meter nære

For to meter er lengda på meg,
eg har plass til å liggja fire gonger i alt rommet eg eig no,
når denne tida er over, vil eg fylla rommet med andre.

To meter er lengda på kjøkenbordet heime,
no veit eg kor mange det er plass til.
Eg vil ta av meg koronakrona,
for i revolusjonar drep me monarkar. Eg drep min eigen.
To meter er ingen ting,
samanlikna med avstanden me held frå dei som treng oss.

Giljotinen dinglar to meter over nakken.
Ein. Ein halv. Null meter. Krona rullar vekk.
Privilegiet skal få blø ut på Place de la Révolution
–– saman med hierarkiet som set so mange på botnen,
krona rullar vidare og vert eit fat å eta frå, eit tak over hovudet.
Verdigheita skal ikkje seljast. Berre gjevast attende,
til alle dei me har teke ho frå.

To meter er eit hopp. Ein meter er eit steg.
Om eg hoppar eller stig eller trillar metrane på hjul
skal eg gjera det for å nå medmenneska mine
og me skal saman byggja ei verd som er for oss alle

og dei to metrane kan vera ein målestokk
på kor opne armane våre skal vera

Endre Tveit / 2020

@ Ådne Dyrnesli

Endre Tveit

Endre Tveit (f. 1990) debuterte med diktsamlinga "Blø meg sakte ut" våren 2020. Samlinga rører ved emne som depresjon og angst, men rettar òg blikket mot empati og glimt av håp. Foto:Tove Breistein