Aleine saman - korona og kulturen

Avstanden er overalt

Avstanden er overalt og jobbar,
                                  løfter ting ut av kvarandre
                                               fordeler dei i strengar seg imellom

Eg har den i meg slik   eg har den omkring meg

Om lag ein meter, i keltisk tru, skilte dei levande si verd frå dei døde

Måler ein materie mot mellomrom, mot avstand
er det lett å avrunde eit menneske: det finst ikkje

med mindre avstand er sjølve byggestoffet

På eit praktisk nivå går det likevel an
å avrunde eit menneske   til to meter:

ei kvinne ligg på eit golv, måler opp ei flate, ho dreier
som ein visar   Ho får støv i håret   Støvet får bli hår igjen
Det flammar i sola

Samstundes er det to meter frå asteroide 52768 til hjartet i mannen
som stig på bussen i Kjølberggata ein tysdag i tretida

Han har tankar som drysser lik kirsebærblomar i sin passasje
mellom passasjerane   på synkande line   så vidt over bakken
lik kirsebærblomar

Spørsmåla er   ikkje berre
kor snart   kor hardt   kor hurtig   kor langt
kor lenge kor vidt kor fast kor fritt              men

kva, forutan avstand, kan halde oss saman

På dei tidspunkta av dagen der skuggen er like lang som kroppen
er det mogleg å gå ut og tangere kvarandre

Skuggen er brua og skuggen er avgrunnen

Eg går over, eg fell gjennom
                                                      vaknar ein meter frå verdas grense

som derfrå sett, ein meter er alltid to
er meg

Eit barn har stilt seg i døra,
                                                         merker av veksten mot dørstolpen

og når hovudet støyter i karmen
sluttar opninga seg om kroppen

Heretter ber det to rom som elles ikkje hadde høyrt saman
og som det sjølv ikkje lenger kan trø inn i

og det skal, for samanhengens skuld
alltid vere eit menneske mellom oss

Gunstein Bakke / 2020

 

Gunstein Bakke

Gunstein Bakke (f.1968) skriv overraskande og mangetydige dikt om både nære og komplekse tema. Bakke er forfattar, gjendiktar og omsetjar. "Håndbok" kom ut i 2018 og er Bakke si tredje diktsamling. Foto: Christian I. Elgvin