Aleine saman — Korona og kulturen

Anders Totland – Ei utstrekt hand når verda brenn

Noko av det beste eg veit, er å vera åleine. Når alle eg bur med har dagen full av aktivitetar, og eg berre kan ha stova for meg sjølv i nokre timar. Eller ein tur i skogen, der eg kan gå åleine, og la tankane flyta i alle moglege retningar. Som ein pause i kvardagen.

Likevel er einsemd noko av det aller skumlaste eg kan tenka meg. For tida åleine er berre fin om eg vel det sjølv. Og eg må vita at eg har nokon eg skal møta når kvelden kjem, eller når turen er over. Utan denne vissa, blir det ingen pause. Då blir det å vera åleine ein tilstand, som eg til vanleg vil strekka meg langt for å unngå.

Sjølv når eg heilt frivillig reiser på turne for å formidla litteratur til ungdomsskuleelevar over heile landet, kan eg kjenna den vonde klumpen i magen. 

Åleine på

I løpet av dagen møter eg gjerne hundrevis av elevar, og ein handfull lærarar. Dei både smiler og er hyggelege. Men dei er ikkje mine folk. Det er ikkje min flokk. I den vesle stunda eg er på besøk, gløymer eg kanskje at eg er åleine, men så snart eg set meg i bilen for å køyra vidare, kjem det tilbake som ei ekkel stemning som set seg i heile kroppen. 

Ikkje kvar gong. Av og til kjenner eg det ikkje i det heile tatt, og nyt berre dagen og kvelden for meg sjølv. Men andre gonger er det fullstendig lammande. Som ei sorg over alt eg går glipp av, eit sakn etter nokon å dela opplevingane med.

Den siste turneen eg var på, før skulane stengde og alle reiser blei avlyst, var ein stad utanfor Oslo. Det var både kino og treningssenter, og fleire restaurantar eg kunne prøva, der eg budde på hotell. Likevel sette eg meg kvar einaste ettermiddag på toget inn til Oslo. 

Eg hadde ingen ærend, og burde strengt tatt ha sete på hotellet og jobba med dei neste bøkene mine. Men i Oslo har eg både vener og søsken som eg kan eta middag saman med. I Oslo var eg ikkje åleine.

Ein anna gong køyrde eg nesten to timar, berre for å få eta kveldsmat saman med kjærasten min heime, før eg sette meg i bilen og køyrde tilbake til hotellet i bygda der eg var på jobb.

I bøkene mine skriv eg om barn og ungdom i ekstremt vanskelege situasjonar. Nokon blir sjuke, andre utsett for overgrep. I den siste romanen min for ungdom er både utpressing og sjølvmord aktuelle tema. 

Felles for personane i bøkene, er at dei kjem i situasjonar der dei mister det fellesskapet dei tidlegare har hatt. På grunn av eigne eller andre sine handlingar, eller noko så ukontrollerbart som alvorleg sjukdom, hamnar dei på utsida av alt. Og det dei går glipp av, kan vera dei enklaste tinga, som me knapt tenker på til kvardags. Ein tur på trening, ein samtale med ein god ven på skulevegen, eller berre det å henga på kjøpesenteret med ein gjeng som ikkje har anna å ta seg til.

Til vanleg er det ikkje noko me tenker på eingong. Det er berre sånn det er. Det er kvardag. Men når det forsvinn, kjennes verdien av desse kvardagstinga, desse små stundene saman med andre, brått som enorme verdiar som har gått tapt – slik dei fleste kan kjenna på no. 

Den store skilnaden frå personane i bøkene, er at det no råkar alle samtidig. Det er ikkje eg som står utanfor fellesskapet. Det er ikkje slik at alle andre kan samla saman alle dei er glade i, medan eg er den einaste som ikkje kan komma. Skilnaden er heilt vesentleg.

For no sit alle på kvart sitt hotellrom, på kvart sitt tog, anten det er i ein hybel i byen eller heime med familien. Det er som eg ofte seier til elevane eg besøker, etter å ha snakka om korleis enkeltmenneska i bøkene mine blir isolerte og utsette: 

Blir det zombie-apokalypse, blir det i alle fall apokalypse på alle mann. Då er me i same båt, og må takla det saman. Og sjølv i apokalypsen kan det finnast lys i mørket, som ei utstrekt hand i ei verd som brenn. Det kan finnast fellesskap, sjølv om det aldri kan bli heilt som før.

 

© Anders Totland (2020)

Meir frå Anders Totland på Facebook-sida hans.

Anders Totland Foto: Marius Knutsen

Anders Totland (f. 1986) er mangslungen journalist og forfattar som skriv skjønnlitteratur og sakprosa for barn og vaksne. Som forfattar går han inn i vanskelege og krevjande tema.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Meir frå Aleine saman