Aleine saman — Korona og kulturen

Annlaug Auestad — Dumpa

Bli med Dumpa som opplever sitt livs krise og går gjennom fasar. Frå å finne seg sjølv fullstendig på botn i ei eksistensiell krise med alt det den inneber: sorg, sakn, fortviling og angst – og til å bli som ein Fugl Fønix der han greier å stå opp av oska igjen og opplever vekst, utvikling og etter kvart bli overtydd om sin eigen verdi og alt det han er.

Boka inneheld til slutt Dumpa sine tips og triks til korleis overleve i ein slik situasjon. Altså er den også ei slags sjølvhjelpsbok.

© Annlaug Auestad (2020)

Annlaug Auestad

Annlaug Auestad (f. 1965) er forfattar og illustratør. Ho debuterte litterært med biletboka Neppe i 2006, og følgde opp med populære Kuvenninnene i 2008 og L.Ands dagbok i 2012. Auestad har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har illustrert fleire barnebøker og arbeider også med maleri.

Les meir på annlaug.no

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre