Aleine saman – korona og kulturen

Daniel Kvammen - Ein usynleg fiende i vårsola

Uverkeleg er vel ordet som best beskriv dagane me har gått gjennom den siste tida. Mens sola har gnistra klart av varme av vår, har TV-skjermane og huet vore fylt av tankar om isolasjon, einsemd og ikkje minst døden. Fredrik Solvang stiller spørsmål, ein ekspert svarar. Eg søv dårlig, eg later som om eg ikkje er redd. Eg har ofte skrive om håp og trøst i mine låtar. Håpet som ein hemmeleg venn, trøst som ein anker i stormen. 

No er det mykje me ikkje veit. Mange viktige ting som ikkje har svar. Einsam i lag blei skrive lenge før me fekk ein usynleg fiende i vårsola. Men den handlar om det eg trur er det viktigaste me kan ta med oss inn i det uvisse: håp og trøst. 

Kjærleik frå Daniel Kvammen

Basert på songen «Einsam i lag» frå 2019.
© Daniel Kvammen

Meir frå Daniel Kvammen på danielkvammen.no

Bilete av Daniel Kvammen

Daniel Kvammen (f. 1988) er ein norsk popartist som spelar låtar med høg allsongfaktor om kvardagslivet og kjærleiken på Geilo-dialekt.

Les meir på: