Aleine saman – korona og kulturen

Espen Stueland - Naturkjensla

Mennesket er ikkje eit unntak i naturen. Å erkjenne det krev ein innsats frå kvar og ein av oss, kvar dag. Koronaviruset viser at dette arbeidet er blitt vanskjøtta.

Mennesket har mista kjensla av å vere ein del av naturen og slit med å finne ei samfunnsform som ikkje er sjølvdestruktiv eller øydelegg biosfæren.

Menneska tvingar seg fram i verda heilt utan omsyn til andre levande vesen. Når me gjer det, blir me på sikt meir utsette som biologiske vesen og set samfunnet på spel.

Mennesket har mista kjensla av at vår art er éin av tallause biologiske artar som saman utgjer livet på planeten jorda, og at alt liv er gjensidig avhengig av alt anna liv. Me har mista kjærleiken til naturen eller evnar ikkje lenger å gjere det som skal til for at alle artar vil vere levedyktige i framtida.

Naturkjensla er blitt erstatta av alternative forklaringar på naturfenomen. Når nokon meiner at viruset er menneskeskapt, kjem det av at mennesket i deira sjølvforståing herskar over all natur. Virus som herskar over mennesket, må difor vere menneskeskapt. Tapet av naturkjensla får oss til å leite etter forklåringa på koronaviruset andre stader enn i naturen.

Forteljingar om vonde krefter, konspirasjonsteoriar, mobiliserer forklaringar om viruset.

Éin konspirasjonsteori fortel at viruset er menneskeskapt og distribuert i verda for å tene hensiktene til framande nasjonar eller politiske grupperingar.

Konspirasjonsteoriar om koronasmitten er konsentrerte rundt anti-vaksine, anti-5G og QAnon. Dei fortel at smitte er skapt av menneske i eit laboratorium og tener politiske formål.

Den vitale spreiinga av konspirasjonsteoriar på ulike plattformer er ein fysisk og åndeleg del av spreiinga av koronaviruset overalt i verda.

Når tilstrekkeleg mange menneske styrker kvarandre i trua på konspirasjonsteorien, får trua politisk verknad. Då er dei i gang med sjølvskadinga og øydelegg for arbeidet med å redusere smitta.

Uansvarlege populistiske leiarar speler på konspirasjonsteoriane framfor å anerkjenne forskinga. Dei tener på at veljarar fornektar at menneska og koronaviruset er natur.

Mistru til både den naturvitskapelege forklaringa på korleis koronavirus først smitta (frå flaggermus til menneske), og kvifor dette skjer (menneska har øydelagt og pressa flaggermus og andre artar ut av dei naturlege habitata deira), er resultatet av ei tapt kjensle av å vere del av naturen.

Mistru til naturvitskapen heng saman med mistillit til media som formidlar forklaringar frå legar, biologar og andre naturvitarar. Dei er politisk motiverte, seier populisten.

For populistar og konspirasjonsteoretikarar er det å uttrykkje mistillit til media, og å engasjere flest mogleg som kan dele og auke mistilliten, ei høgt prioritert oppgåve.

Motgifta mot konspirasjonsteoriar og splittande populisme er politiske rørsler som gir menneska tilbake kjensla av å ha verdi for samfunnet. Til liks med kjensla av å vere eit vesen som høyrer til i biosfæren, er heller ikkje tillit naturgitt, men noko historisk skapt og difor ustabilt.

Som samfunnsforskar var Eilert Sundt engasjert i å få fram at samfunnsånd og tillit mellom eliten og folket er av den aller største verdi for eit samfunn. På 1860-talet blei han stadig meir merksam på at opplysningstankegangen var feilslått, han nådde ikkje fram til folket av di han målbar ein paternalisme som vekte motstand heller enn ei kjensle av å høyre til. Han skapte ikkje tillit. Sundt (1817–1875) skriv om dette i bøkene Om Renligheds-Stellet i Norge og Om Huslivet i Norge. Bøkene er resultatet av år med reising til fots som samfunnsforskar. Sundt banka på i heimar og var avhengig av å inngi tillit for å kunne få svar på spørsmåla sine, slik at det han (med Grundtvig) kallar «vexelvirkning» mellom seg sjølv og husfolket, kunne oppstå.

Sundt var frekk nok til å antyde at hinderet for nasjonal framgang var myndigheitene sjølv og deira mangel på kunnskap om folket. Eliten tok avgjersler på dårleg grunnlag av di han ikkje visste nok om folket. Han trudde at han sjølv representerte den inkarnerte fornuft og framsteg, men burde ifølgje Sundt også erkjenne folkelege former for fornuft. Resultatet av elitens form for kunnskapsløyse var mistillit nedanifrå. Opplysningstvang vekte motstand.

Utviklinga til ein nasjon er ikkje berre resultatet av kunnskap ovanfrå, denne kunnskapen blir motarbeidd viss ikkje eliten aksepterer at folk lokalt har utvikla praktisk kunnskap, kultur, i generasjonar. Berre viss eliten klarar å anerkjenne dette, kan eit «fælles-arbeide af de mange tusinder» oppstå. Ein skulle arbeide mot «mere gjensidig tillid mellem mængden og de få, som på en eller anden måde monne være kaldede til at stå frem som mængdens ledere. Hidtil har mængdens selvstændighed altfor ofte måttet vise sig på den måde, at man har vendt sig bort fra uretfærdige påstande og overdrevne fordringer». Orda er frå innleiinga i Om Renligheds-Stellet i Norge (1869).

Den norske tilliten som oppslutninga om koronatiltak vitnar om, er verken naturgitt eller så gamal og urokkeleg som ein kanskje skulle tru. Han kan forsvinne, saman med kjensla av at mennesket er ein del av naturen.

© Espen Stueland, forfattar og litteraturkritikar

Bilete av Espen Stueland
Foto: Anne Arneberg

Espen Stueland (f. 1970) er ein prislønna forfattar og litteraturkritikar. Han debuterte med diktsamlinga Sakte dans ut av brennende hus i 1992. Sidan har han gitt ut tre diktsamlingar, to essaysamlingar, gjendiktingar, ein roman og sakprosa. Hans tiande utgjeving Eilert Sundt-tilstanden kom i 2019.