Halldis Moren Vesaas - No plantar kvinna

Aleine saman – korona og kulturen

No plantar kvinna 

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.

Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.

Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og várt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.

— — —

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?

Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver stilll, så mitt tre får gro!

 

© No plantar kvinna, Halldis Moren Vesaas (1947)

Diktfilm produsert for Salaby, Gyldendal Undervisning (www.salaby.no), 2020

Lydspor: Innlesing ved Halldis Moren Vesaas, frå «Halldis Moren Vesaas les eigne dikt», 2007, Lydbokforlaget

Visuell utforming/animasjon: Kristine Knapstad

Foto: Nynorsk kultursentrum, arkiv.

Halldis Moren Vesaas (1905-1997) var ein folkekjær diktar og avgjerande omsetjar og strateg for nynorsk språk og litteratur. 

Les meir på: