Aleine saman – korona og kulturen

Virus på mamma-radaren

Det å stole på andre har blitt ein viktig del av det å takle koronasituasjonen.

Eg står framfor ein pose ostepop i butikken. Spør meg sjølv om det er trygt å ta han. Det kan jo hende at nokon med korona har hosta på han. Eg tar han med pinsettgrep mellom tommelen og peikefingeren og legg han fort oppi handlekorga. Vel heime med handleposen, som kjennest som ei bombe, lemper eg varene på kjøkkenbenken og finn fram desinfiseringssprayen. Alt får seg ein dusj, og sjølv vaskar eg hendene to gonger. Eittåringen grin nå framfor beina mine fordi eg ikkje ville løfte han før eg hadde vaska hendene. Aller helst ville eg ha skifta klede først også. Slike dagar var det mange av for meg etter at koronaviruset endra kvardagen og okkuperte tankane.

Som mor trur eg at ein har ein slags innebygd radar som ofte kan gi deg ei kjensle av kva som er det beste for barnet ditt. Då koronaviruset kom inn i liva våre i mars, følte eg at viruset forstyrra signalet til denne radaren hos meg. Me stod overfor dilemma og utfordringar me aldri har hatt før. Kva var det beste å gjere for barnet mitt? Kunne han leike med andre og klemme mormor? Og ikkje minst, korleis skulle eg beskytte barnet eg bar i magen, og som på det tidspunktet ikkje var større enn handa mi, mot denne ukjende faren? Eg visste ikkje.

I mars var eg forkjølt. Eg blei sjølvsagt uroa for at det var nettopp koronavirus som gjorde meg tett i nebbet og sår i halsen. Ingen visste sikkert korleis dette nye viruset påverka mor og ufødde barn. Dagen for kontroll hos jordmor kom. Eg var full av spørsmål. Var fosterlyden normal? Kva om det var korona eg hadde hatt, og barnet hadde tatt skade? Forkjølinga var over, men eg var framleis litt tett i biholene. Burde eg halde meg heime? Eg følte meg dradd mellom å vilje undersøke at alt var bra med barnet mitt, og ikkje vilje vere grunn til at heile helsesenteret måtte i karantene. Eg følte meg som ein vondsinna og sjølvopptatt person som potensielt ville sette meg sjølv og barnet mitt framfor fellesskapet. Halvvegs til jordmora snudde eg og køyrde heim igjen.

Eg følte meg ikkje einsam i kvardagen då mykje av landet var stengt. Eg var meir saman med mann og barn enn vanleg. Men i svangerskapet følte eg meg somme tider aleine. Far fekk ikkje vere med på kontrollane etter mars, og då me var på nokre ekstra ultralydundersøkingar på Haukeland, måtte han sitte i bilen i timevis og vente. Vente på å finne ut om alt var bra med guten vår. Eg ville ikkje få dårleg nytt aleine. Han ville ikkje at eg skulle få dårleg nytt aleine. Eg trong ei hand å halde i. Eg trur han også følte seg litt aleine, og ekskludert frå svangerskapet.

Koronaviruset kasta også ein mørk skugge over barseltida. På sjukehuset var besøkstida for far avgrensa. Det var tøft å vere aleine, utan at han kunne avlaste for ein kvil, eller berre vere der som ei målskive for alle spydkvasse gloser som hagla då etterriene herja og brysta blei såre. Men eg følte meg aldri utrygg under helsevesenet sine venger.

Å komme heim med ein nyfødd baud også på mange tankekors. Var det trygt å gå på barseltreff eller på kafé? Kunne ein stolt storebror kose, sjølv om han går i barnehagen?

Aller tryggast er det sjølvsagt innanfor huset sine fire vegger. Men som nybakt mor er eg usikker på om det er verst å sitte aleine heime, utan å dele tankar om barseltida med andre, eller å kanskje utsette seg for koronavirus.

Nå har mamma-radaren komme seg delvis til hektene igjen. I løpet av «korona-tida» har eg innsett at det som kanskje har utfordra meg mest, og som eg har blitt nøydd til å lære meg, er å stole på medborgarane mine. Stole på at dei som kjem for å treffe babyen, ikkje er sjuke, at ein ikkje går i butikken om ein hostar og harkar, og at barnehagen held smittevernreglane. Eg har nok alltid hatt vanskeleg for å stole på andre, spesielt folk eg ikkje kjenner. Men dei siste månadane har eg lært at dersom ein ikkje stoler på dei ein deler land, by, butikk, kafé og helsesenter med, kan ein ikkje anna enn berre sitte heime og vente på dagen då Corona berre er ein øltype igjen.

 

© Ingvild R. Myklebust, journalist og småbarnsmor

Bilete av Ingvild Rørtveit Myklebust
Foto: Mona Terjesen

Ingvild Rørtveit Myklebust (f. 1993) kjem frå Nedstrand i Rogaland. Ho har studert statsvitskap ved Universitet i Stavanger og vore praktikant ved Nynorsk Avissenter. Myklebust er no tilsett som journalist i Tysvær Bygdeblad.