Aleine saman – korona og kulturen

Jørn Øyrehagen Sunde -Det er slutt på verda vi kjenner (og det er heilt greitt?)

“That’s great, it starts with an earthquake”. Slik byrjar It’s the end of the world as we know it (and I feel fine) av REM. Men det er ikkje slik katastrofar byrjar. Jordskjelvet, vulkanutbrotet eller flaumen kan ikkje best forståast som byrjinga, men som slutten. Som eit enzym i ei lang, lang hendingskjede. Slik er det òg med pandemien vi kjenner som korona.

Hadde korona vore byrjinga, så hadde følgjene vore meir like. Men det er dei ikkje. Måten korona påverkar eit samfunn, er avhengig av kva som har skjedd i det samfunnet opp til koronasmitten. Det er altså ikkje korona som gjer at smitteutviklinga er så ulik i Noreg og Brasil, men historia til dei to samfunna fram til korona.

Dersom ein vil vita korleis korona kjem til å endra rettsstaten, må ein difor forfølgja tre tankerekker samstundes.

For det fyrste endrar ikkje korona rettsstaten i seg sjølv, men han utløyser dei endringane som ligg latente etter ei lengre samfunnsutvikling. Det mest opplagde er at korona kjem til å innleia eit overvakingssamfunn med positivt forteikn.

Overvakingssamfunnet vart ein realitet som eit svar på terrortrugsmålet etter 9. september 2001. I totalitære statar som Russland, Kina og Tyrkia vart grensa mellom overvaking av terroristar og opposisjonelle raskt utviska. Men sjølv i desse statane var ikkje overvaking ei politisk vinnarsak.

Koronaen er sleipare enn terroristar og opposisjonelle. Han smittar, men mange av dei smitta vert ikkje sjuke, dei fører berre smitten vidare. Då er det vanskeleg å vita kva veg smitten har teke. Og kanskje kan same person som vert smitta, sjuk, og så smitta og sjuk igjen, fordi ikkje alle utviklar immunstoff. Skal ein ha kontroll på korona, må ein difor ha meir overvaking. Det er heller uproblematisk, for dei overvaka vil heller overvakast enn smittast. Då har ein fått overvaking med positivt forteikn. Og då har overvakinga kome for å bli.

Mindre opplagt, men ein del av same utviklingskomplekset, er kommandopolitikken.

For tjue år sidan trudde ein framleis at auka kontakt mellom Russland, Kina og Vesten førte til at russarar og kinesarane ville skjøna kor overlegent det vestlege liberale demokratiet var. Men dei vart ikkje overtydde. I staden ser høgreradikale i til dømes Frankrike og Austerrike på Putin som ein effektiv leiar som styrer uavhengig av nyttelause diskusjonar blant dei intellektuelle. Og fleire og fleire intellektuelle i Vesten byrja å kviskra på kafear og på festar (medan musikken spelar høgt): Kanskje er det det kinesiske systemet som mest effektivt kan takla klimaspørsmålet fritt for dei uintellektuelle sine protestar?

Det er ikkje opplagt at det er vestlege forskingsmiljø som fyrst vil finna ein vaksine mot korona. Viktigare er at om dei gjer det, er det fordi dei har snudd seg om og retta all sin energi mot eit oppdrag som det er i samfunnet si interesse at dei løyser på rekordtid. Forskarar i Vesten har agert heilt likt med det forskarar i Russland og Kina har vorte vane med. Viser ikkje det at kommandopolitikk er betre enn lange diskusjonar opne for kritiske innspel? Nei, det gjer ikkje det. Men det vil sjå slik ut, og difor vil kommandopolitikken òg koma for å bli.

For det andre kjem ikkje korona til å endra rettsstaten likt i alle statar. Som eit enzym vil pandemien berre føra til dei endringar som ligg latent i dei andre ingrediensane i prosessen.

Verknaden av korona er meir enn noko anna knytt til tillitsnivået i samfunnet. I samfunn med stor grad av tillit vil korona ha langt mindre effekt enn i samfunn med eit lågt tillitsnivå. Ei årsak til at det liberale demokratiet fekk eit tragisk og rask endelykt i Russland, og ikkje fekk fotfeste i Kina, er det låge tillitsnivået. Ikkje berre mistrur russarar og kinesarar styresmaktene, men dei mistrur kvarandre like mykje. Overvakings- og kommandopolitikk er då det ein ventar frå styresmaktene, og ein trur at det rammar fyrst og fremst dei mange upålitelege i samfunnet.

Noreg har hatt eit kunstig høgt tillitsnivå, like mykje pumpa opp av petroleum som alt anna i det norske samfunnet. Men – òg som alt anna i det norske samfunnet – tillitsnivået vil gå ned, men ikkje kollapsa med økonomisk nedgang. Det gjer at overvakingssamfunnet og kommandopolitikken i Noreg vert av eit anna slag enn i Russland og Kina, eller for den saks skuld i Italia eller England.

For det tredje er rettsstaten sin lagnad eit spørsmål om politikk. I Vesten uløyseleg knytt til lagnaden til det liberale demokratiet.

Det liberale demokratiet har mange kvalitetar som gjer at rettsstaten dei siste tretti åra har vore sterkare i Vesten, og kanskje globalt, enn i nokon historisk periode tidlegare. Men det svikta på eitt punkt: Det lova vekst, men fortalde ikkje at veksten vart proporsjonal med ressursane ein sat med når veksten byrja. Det vil seia at dei fattige fekk ein langt svakare vekst enn dei rike, fordi deira utgangspunkt var så mykje dårlegare.

For kvart år auka difor forskjellane. For kvart år vart det fleire som spurde seg: Er ikkje det liberale demokratiet og rettsstaten rigga slik at eg tapar og andre vinn? Kvart år vart det dermed færre som ville slåst for dei begge. Difor har motstanden mot overvaking og kommandopolitikk vorte svakare og svakare, og med korona kan han forsvinna nesten heilt.

Som sagt ovanfor er Noreg ein del av denne utviklinga, men justert av det høge tillitsnivået. Dette høge tillitsnivået er delvis eit resultat av mindre forskjellar og av ei utbreidd kjensle av rett og høve til å delta i samfunnsstyringa. Det er difor ikkje berre økonomisk nedgang som vil påverka tillitsnivået i Noreg, men òg ein reduksjon i rett og høve til å delta i samfunnsstyringa. Men medan den økonomiske nedgangen er eit resultat av ei global utvikling, er samfunnsstyring noko ein styrer med sjølv i norsk politikk.

Og då er vi tilbake til utgangspunktet: Det er ikkje korona, men andre faktorar som korona forstørrar, som gjer at rettsstaten, uløyseleg knytt til det liberale demokratiet, kjem i eit uføre. Situasjonen i dag er knytt til historia. Difor må han forståast meir som slutten enn som byrjinga. Men etter slutten må det koma ei ny byrjing. Den vert skapt av dei val ein gjer i slutten. Det er der vi er no.

©Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo

Jørn Øyrehagen Sunde (f.1972) er frå Uskedalen i Kvinnherad kommune. Han er professor ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo. Sunde har skrive og redigert fleire fagbøker innan rettshistorie. Han leiar forskargruppa for rettskultur og er forskingsleiar ved Museet Baroniet Rosendal. Sunde er ein aktiv foredragshaldar og samfunnsdebattant og har fått fleire prisar for framifrå formidling.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email