Aleine saman — Korona og kulturen

Juliane Rui - Dikt

Sjå, ei sol, eg held gaffelen fram mot barnet. Men da græt han, gulrota er kald, solene har mista varmen sin, barnet hikstar, og eg løfter han frå bordet, ut av huset, vi gir gras til hestane, halve lyset på oss

Dagane er snille. Snillheit er mammaheit. No seier cellene ifrå til meg om at det er kaldt. Barnet teiknar sola, ho er ikkje rund, det kjem stormar ut frå kjerna. Eg hugsar ein baby i ei barnevogn, og du og pappa står over. Det er som eg har ein tidsmaskin inni meg. Babyen græt og det er mørkt og de står over

Syster følgjer barnet ned til stranda, blir tante mens ho lyttar, maur munn måne. Ærfuglane glir forbi i vatnet, slekta deira liknar vår, i kroppen finst informasjonen vi treng for å leve

mor er tynn no, et ikkje, sola gjennom ho, litt etter litt, syster og eg står ved veggen, bøygd mot rosene, vi kuttar ei til vasen

barnet klappar hovudet til systers barn, trøyster, trekk i handa, lukte blomstrar, kvit rosa raud

syster prøver på mors støvlar

dei er grøne for mor lengtar

etter hassel

ho er låg

og kor skal ho gå

i alleen

ein to tre

lyset flekkar ryggane

Når ein følgjer elva kjem ein før eller sidan til folk. Det blei sagt til meg, og dette «før eller sidan» læt så løfterikt og dette «folk»

frå elva mot gras

eg lovar å skine

om eg kjem som tørst

betyr eg liv

og inga spøkelse

har rørsler så temde

© Juliane Rui (2020)

Juliane Rui. Foto: privat

Juliane Rui (f. 1982) er ei unik stemme i norsk lyrikk. Ho debuterte i 2011 med Den hesten er av snø, I 2018 blei ho tildelt Bokhandlerforeningens forfattarstipend for forfattarskapen.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email