Aleine saman – korona og kulturen

Karen Rosenberg Olsen – Lys i meg, lys i deg

Ei mor og hennar fem år gamle son laga denne vesle filmen saman, ein dag dei var heime, i karantene i koronaens tid. Filmen inviterer både små og store til å filosofere, leike, vere til stades, røyre på kroppen, kvile, puste, finne fokus og sjå det beste i seg sjølv og andre.

Lys i meg, lys i deg

Ein dag var det ein vaksen som sa:

No skal me ikkje ta kvarandre i hendene på ei stund.

Ein annan dag var det ein vaksen som sa:
No kan me ikkje leike med vener på ei stund.

Kor lenge er ei stund eigentleg?

Det er ikkje so lett å vite.

Men me veit at akkurat no er med i denne stunda.

Dette augeblikket. Dette augeblikket er jo heilt spesielt.

Kva finst akkurat no?

Eg kan merke kroppen min. Føtene mine, beina mine,

magen min, hendene, armane, hovudet.

EG finst akkurat no.

Korleis har eg det inni meg?

Glad? Sur? Sint? Trøytt? Eg kan vere so mykje forskjellig på innsida. 

Det er rimeleg kult.

Eg ser rundt meg. Eg ser ein skog av tred. Stødige tred.

Eg latar som om eg er eit tred. Latar som om eg har tær som vert om til røter som forplantar seg i skogsbakken, og so strekk eg meg so lang eg er, kanskje kan eg løfte opp det eine beinet? Då må eg balansere. Og hvis tred-versjonen av meg byrjar å svaie med greinene i vinden, ja då må eg balansere enda meir!

Eg legg hendene på hjartet. Eg kan merke hjartet der inne.

Tenk! Alt som er mogleg! Når eg kjenner meg modig gir eg kroppen mykje plass!

Slik! Eller slik? Av og til får eg so mange idéar! Det er so mykje eg har lyst til å gjere, og gjerne alt på ein gong! Då er det deilig å samle tankane litt, og finne fokus.

Eg forvandlar meg til ein fredeleg krigar. Eg strekk ut armane og kviler augene på noko som står i ro. Eg puster inn – ut -inn -ut.

Eg kjenner meg sterk. Som om alt ER mogleg!

Eg kan til og med flyge!
Nei, det kan eg ikkje. Det får vere greit. Men eg kan bruke fantasien min og late som. Flyge på lat!

Når ein har vore ute og flóge er det godt å kome heimatt.

Ein heim kan vere eit hus, ei leilighet, eit slott? Men om eg puster roleg inn – ut – inn -ut, so kan eg kjenne at eg kan kome heim til meg sjølv. Akkurat som om eg har eit hus inni meg, som er berre mitt, og det vil eg alltid, alltid ha.

Eg puster djupt inn, ynskjer meg noko, og poff, so slepp eg ut pusten og brukar fantasien min til å forestille meg at eg smelter utover, som ein is på ein varm sommardag.

Kanskje kjenner eg meg litt varm i hjartet? Spesielt om eg tenkjer på alle eg er glad i, og kor fint det skal verte når eg skal leike med vener att.

I mange land helser dei på kvarandre ved å sete sine eigne hender inntil kvarandre, og so seier dei:

Namasté, eg ser lys i meg, eg ser lys i deg.

© Karen Rosenberg Olsen (2020)

Bilete av Karen Rosenberg Olsen
Karen Rosenberg Olsen

Karen Rosenberg Olsen (f.1983) er tobarnsmor, klassisk songerinne og yogalærar. Ho er oppvaksen i Ørsta og busatt på Nesodden.