Aleine saman — Korona og kulturen

Lars Mæhle – Tida vil ta deg dit

Lars Mæhle og Beate S. Lech har skrive ein song om å lengte til meir vanlege tider. Songen er skrive til tunkatten Lurivar si nettsongbok.

Her er ein song til deg
som ventar
på heilt nye tider
på solgrøne lier
på å møte din beste ven

Her er eit ord til deg
som lengtar
til finkorna strender
til halding i hender
til å puste i fridom igjen

Den tida vil kome
Du må vente, men vit
at tida vil ta deg dit
Den tida vil kome
Du må lengte, men vit
at tida vil ta deg dit

Her er eit vink til deg
som stundar
til sprudlande festar
til ei tid utan testar
til å gi mormor ein klem

Den tida vil kome
Du må vente, men vit
at tida vil ta deg dit
Den tida vil kome
Du må lengte, men vit
at tida vil ta deg dit

For ein dag du vaknar, er verda igjen vår
Og du har venta og vore så flink
Ein dag kan du gøyme bort alt du no får
Ein song og eit ord og eit vink
Den tida vil kome

Den tida vil kome
Du må vente, men vit
at tida vil ta deg dit
Den tida vil kome
Du må lengte, men vit
at tida vil ta deg dit

© Lars Mæhle / Nynorsk kultursentrum

Lars Mæhle

Lars Mæhle, litteraturvitar og produktiv forfattar av bøker for barn og unge både på nynorsk og bokmål. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei gjennombrotsromanen hans. Mæhle var festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2017.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre