Aleine saman — Korona og kulturen

Maria Parr — Korona er ein ball med piggar

– Korona er ein ball med piggar, sa Oskar.
Han låg i underkøya og gnåla, slik han alltid gjer.
– Korona er eit virus, sa eg.
– Det ser ut som ein ball med piggar, sa Oskar.
– Ja, men det er eit virus, sa eg irritert, og lurte på om alle ungar på sju år er like dumme, eller om det berre er veslebroren min som skil seg ut som spesielt dum.

Oskar var stille akkurat så lenge at eg trudde han hadde sovna.
– Det ser ut som ein ball med piggar uansett kva du seier, sa han.
Eg stønna.
– Same det, vel. Du kan kalle det ein frosk med jur, berre du er stille, sa eg.
– Så vi spelar på ein måte kanonball, då, berre at det er koronaball? spurde han, og var ikkje stille i det heile teke.
Er det noko Oskar er stolt av for tida, så er det at han endeleg har lært seg reglane i kanonball. Han tør til og med å vere med når det er tredjeklassingar der.
– Kanonball, din tulling? Korona har ikkje noko med kanonball å gjere!
– Joho, for vi må passe oss! Viss vi blir treft av koronaballen så blir vi smitta. Splæsj!
Herre fred, tenkte eg. Eg var så dritlei av Oskar. Han er irriterande til vanleg, men no hadde eg ikkje sett andre enn han og foreldra mine ei heil veke, og eg heldt han ikkje ut! Kunne han ikkje berre legge seg til å sove slik som normale ungar?
– Det er to lag, gnall Oskar der nede. – Det er dei med korona og dei utan korona. Dei med korona har koronaballen. Eller, nei, dei har kjempemange koronaballar. Med piggar. Tusenvis. Og så kastar dei koronaballar på dei som er ikkje har korona.
Eg merka kor han kasta koronaballar på lat der nede. Heile senga rista.
– Oskar! Slutt! ropte eg. – Eg vil sove.

Men Oskar slutta ikkje.
– Dei som blir treft av ein koronaball må over på smittelaget. Og då kan dei også begynne å kaste koronaballar på folk. Berre dryle piggeballar på folk, og treffe så mange dei kan. Så det blir fleire og fleire på koronalaget. Splæsj! Bæng! Poooww!

(teksten held fram under bildet)

Illustrasjon: Solveig Serigstad Hauge

Eg sette meg opp i senga og bøygde meg over kanten. Oskar, den tynne veslebroren min, låg og veiva med armane og kasta liksom-koronaballar så spiderman-pysjen vart heilt krøllete.
– Det er ikkje to lag i koronaball, Oskar.
– Jo-ho, sa Oskar. – Det er derfor vi må passe på og ikkje vere saman med nokon.
– Det er ikkje to lag, din tulling, sa eg igjen. – Det er eitt lag.
– Nei, sa Oskar.
– Jo, sa eg. – Det er alle mot korona.

Endeleg vart han stille. Eg la meg ned igjen, og let att auga.
– Er alle på same lag? spurde han til slutt, når den vesle hjernen hans hadde tenkt både lenge og vel.
Eg stønna.
– Ja, Oskar. Alle i heile verda er på same lag.
– Så Messi og Ronaldo er på same lag, då liksom?
Herlegheit, kva var det han ikkje forstod?
– Ja. Messi og Ronaldo er på same lag. Og Luka Modrić og Eden Hazard også, faktisk. Alle fotballspelarane i heile verda er på same lag. Alle, Oskar. Erna Solberg er på det laget og ein milliard kinesarar og alle legane som finst og politiet og bankranarane til og med. Dei er på lag. Og lastebilsjåførane og folk i USA og Putin og Merkel og mamma og flykningane i Syria og naboane våre og teknisk etat og dei som smuglar narkotika og alle brannmenn i heile verda og helikopterpilotane og Team Ingebrigtsen og kongen vår. Alle andre kongar og dronningar også. Og læraren din og alle sjukepleiarane og Marcus og Martinus og Emma og du og eg og katten vår. Alle er på same lag. Fattar du?

Oskar sa ingenting. Han tenkte visst. Eg hadde nesten sovna då det kom:
– Så korona er på aleinelag, då?
– Ja, Oskar. Korona er på aleinelag. Kan du slutte å gnåle og sove no?

Eg høyrde kor Oskar ordna dyna si der nede.
– Ja, sa han og geispa. – No kan eg sove.

Og så sovna han.

© Maria Parr

Maria Parr Foto: Agnete Brun / Samlaget

Maria Parr er forfattar og lektor. Ho debuterte med barneboka Vaffelhjarte i 2005. Det store gjennombrotet kom med oppfølgjaren Tonje Glimmerdal i 2009. Parr er i dag ein av dei mest populære og profilerte norske barnebokforfattarane, og bøkene hennar er selde til ei rekkje land.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre