Aleine saman – korona og kulturen

SURTSEY Lavalove

To unge menneske tjuvlåner ein båt og siglar ut på ope hav på sørkysten av Island. Havbotnen sprekk. Himmelen mørknar. Flammar står rakt opp av havet. Dei to får nærkontakt med det første av vulkanutbrota som skaper den nye øya Surtsey. Dei unge er sjølv i ein brytningsfase. No herjar også naturkreftene. Motstanden mot og ønsket om å underkaste seg noko(n) er sett i spel.

Musikkteatret SURTSEY Lavalove har planlagd premiere i Ålesund i september og i Reykjavik i oktober.

Prosessen med SURTSEY Lavalove av Mette Karlsvik og Jon Tombre blir vist på scener i Noreg og på Island. Med seg har dei kunstnarar frå begge landa. Då «koronaen kom» og Noreg stengde skriv kunstnarane på facebooksida si:  «Alt som byggjer seg opp, roar seg ned. Det er berre eit spørsmål om tid. Det er onsdag 11. mars, vi er på Vega, vi les, vi lyttar, vi syng og dansar… Det kjem e-postar og meldingar til oss alle. Avlyste oppdrag i skular og teater… Store utslepp av damp, lava, farlege gassar, steinar, eld, eld…» Parallellen til tematikken i Surtsey Lavalove er slåande: kunstnarane og dei involverte ungdomane på Vega var brått råka av eit anna utbrot.

Kjelder: Kulturrådet, https://www.facebook.com/surtseyart/

© Mette Karlsvik / Jon Tombre / Corentin Jean-Paul Marcel Leven (2020)

Foto: Tove K. Breistein / Samlaget

Mette Karlsvik (f. 1978) er forfattar, og arbeider også for Kulturrådet.

Les meir på

Foto: Mette Karlsvik

Jon Tombre (f. 1964) er ein prisløna teaterregissør og dramaturg. Han jobbar ofte i ei tverrkunstnarleg form der musikk og visuell kunst er sentrale uttrykk.

Les meir på: Hålogaland Teater