Aleine saman – korona og kulturen

Om Olav H. Hauge, isolasjon og samvær

Olav H. Hauge opplevde naturleg nok ikkje den koronakrisa heile verda no står i, men kanskje vi trass dette kan lære noko av dikta hans også i dag? No kjenner vi at livet er veldig annleis enn det vi er vane med. Mange er truleg redde, og kanskje også einsame og isolerte. Korleis kan vi halde fram når ingenting er som det pleier?

At Hauges dikt skal ha løysinga på krisa vår vil vere å be om for mykje. Likevel kan det vere verdt å la Hauges poesi gje våre eigne tankar både pausar og perspektiv. Denne teksten er eit omarbeidd foredrag eg heldt i Trondheim for nokre år sidan, då kulturfestivalen Ugress og Litterært kollektiv inviterte meg for å snakke om Olav H. Hauge og isolasjon.

Av Hauges bøker er det spesielt På Ørnetuva som er prega av einsemd og isolasjon. 23. mai 1961, skriv han i dagboka om kvar han har henta tittelen frå: «På ørnetuva har eg kalla henne. Kanskje det let litt uvanleg. Eg har vendingi frå Skirnesmål, det skal tyda ‘på ei einsam tuve’ etter merknadene».

På Ørnetuva er altså påverka av Skirnesmål frå Den eldre Edda, eit dikt som handlar om at guden Frøy sender bodberaren Skirnes for å bele etter Gerd. Han skal altså spørje om sjans på Frøy sine vegner. Gerd seier på si side nei fleire gongar. Då trugar Skirnes med forbanningar; ho skal bli forvist til pinsle i einsemd («På ørnetuva») om ho ikkje seier ja. Til slutt gjev Gerd etter. Med andre ord verkar det å true med einsemd og forferdelege opplevingar.

Hauge har truleg lånt uttrykket «På ørnetuva» frå Skirnesmål til boka si sidan Edda-diktet viser kor vondt einsemd kan vere. For einsemd er det mykje av i På Ørnetuva. Eksempelvis ser vi det i dette diktet, som handlar om å bli avvist:

På havstrandi
Ho svara ikkje, men vende deg ryggen – og gjekk.
Og vinden og skyene, ja endåtil havet vende deg
myrknande ryggen; steinane i strandi dukka,
kvart strå, kvar bylgje jaga
imot ei onnor strand.

Atle Kittang skriv i artikkelen «Eit vern om draumen» at «Kvar einskild liten detalj representerer eitt steg nærare isolasjonen (svara ikkje … vende deg ryggen … gjekk), ein isolasjon som til slutt er total». Ikkje berre er ho avvisande, til og med naturomgjevnadane vill vekk frå eg-et i «På havstrandi». Slik blir eg-et heilt isolert, heilt aleine.

Kva tyder ordet isolasjon? I daglegtalen snakkar vi gjerne om isolerande materiale i hus og bygg. Det er noko det kan vere meir eller mindre av, og vi nordbuarar er forståeleg nok opptekne av det. Vi treng tette tak og varme hus. Sjølve ordet isolasjon er i slekt med «insola», «isola» og «isle», altså øy. Isolasjon inneber å vere avstengd, meir eller mindre, frå kontakt med omverda.

I mange Hauge-dikt trekker eg-et seg inn i isolasjon og beskyttande strukturar fordi verda er for rå og hard.

No syng det atter
No syng det atter av mitt hugdjups elv,
og vindblik kjem frå svale nattland,
der draumblå tindar speglar seg
i andre sjøar.

Men kva er mine ord?
Stormkrøkt skog
imot nord,
fjellgrindar
imot dags
herjande
eld.

Fleire har sagt, ikkje minst Kittang, at diktet sin funksjon i Hauge si diktarverd er å verna mot ei faretrugande røynd: «fjellgrindar / mot dags / herjande / eld». Isolasjon er med andre ord nødvendig for å vere trygg. Det er likevel ikkje slik at isolasjonen treng å vere heilt absolutt hos Hauge. Ein kan kanskje seie at isolerte hus også kan ha opningar mot verda, som dører, ventilar, rør, skorsteinar, og ikkje minst vindauge.

Lauvhyttor og snøhus
Det er ikkje mykje med
desse versi, berre
nokre ord, røysa saman
på slump.
Eg synest
likevel
det er gildt
å laga dei, då
har eg som eit hus
ei liti stund.
Eg kjem i hug lauvhyttone
me bygde
då me var små:
krjupa inn i dei, sitja
og lyda etter regnet,
vita seg einsam i villmarki,
kjenna dropane på nasen
og i håret –
Eller snøhusi i joli,
krjupa inn og
stengja etter seg med ein sekk,
kveikja ljos, vera der
i kalde kveldar.

Eit slikt beskyttande byggverk finst òg i eit anna av Hauges beste dikt:

Eg dreg ifrå glaset
Eg dreg ifrå glaset fyrr eg legg meg,
eg vil sjå det levande myrkret når eg vaknar,
og skogen og himmelen. Eg veit ei grav
som ikkje har glugg mot stjernone.
No er Orion komen i vest, alltid jagande –
han er ikkje komen lenger enn eg.
Kirsebærtreet utanfor er nake og svart.
I den svimlande blå himmelklokka
ritar morgonmånen med hard nagl.

I desse dikta er det som om ein både er trygg på innsida av eit vernande byggverk, og likevel har kontakt med verda på sin eigen måte. Men Hauge har mange ulike typar dikt, og no skal vi sjå på nokre som er litt annleis.

Olav H. Hauge skreiv om heilt nære ting, som til dømes naturomgjevnadene, glaset, trea og katten på tunet. Dikta kan likevel ha eit blikk retta utover mot ei anna og større verd. Dette særdraget kan ein sjå gjennom to ulike tolkingar av tittelen på den mest populære diktsamlinga hans, Dropar i austavind frå 1966. Frå eit lokalt og regionalt perspektiv kan ein seie, som sant er, at austavinden berre kjem med nokre skarve dropar regn. Det har heilt enkelt å gjere med eit meteorologisk tilhøve på Vestlandet. Ei anna aktuell forståing av namnet på diktsamlinga er at han i denne boka skreiv fleire korte dikt enn tidlegare, som mellom anna var inspirert av japansk og kinesisk lyrikk.

Dikta til Hauge peikar slik også mot eit fellesskap, ikkje minst til andre diktarar, og til andre tider og kulturar. I diktverda til Olav H. Hauge finst ein sterk tendens til samvær med andre, og spesielt andre forfattarar. Det ser vi i titlar som «Soga um Ch’ü Yüan», «Til Li Po», «T’ao Ch’ien», «Georg Trakl», «William Blake», «Gérard de Nerval», og «Les Lu Chi og lag eit dikt». Eit av Hauge-dikta som viser ein vilje til å vere saman med nokon er dette frå Spør vinden (1971):

T’ao Ch’ien
Kjem T’ao Ch’ien
på vitjing ein dag, vil eg
syna han kirsebærtrei og aplane mine,
eg vil helst han skal koma um våren
når dei stend i blom. Etterpå skal me sitja i skuggen
med eit glas sider, kanskje kan eg syna han
eit dikt – om eg finn eitt han likar.
Drakane som skyt yver himmelen med gift og røyk
etter seg,
gleid stillare i hans tid, og fleire fuglar kvitra.
Her er ingen ting han ikkje vil forstå.
Meir enn fyrr har han hug å draga seg attende
til ein slik hageflekk.
Men eg veit ikkje um han gjer det med godt samvit.

Det Olav H. Hauge altså ofte gjer, er at han på eit vis skriv seg inn i eit litterært fellesskap. Det er ikkje tvil om at mange av dikta hans tematiserer einsemd og isolasjon, at diktet er som eit tilfluktsrom ein kan søke tryggleik i. Men nettopp i diktet sitt isolerande byggverk kan ein òg finne attende til eit kollektiv. I diktet «Attum einsemds berg» frå Under bergfallet (1951) skriv han om vegen tilbake frå einsemd:

Ho er søt, einsemdi,
so lenge vegen attende
til dei hine
er open.
For du skin ikkje
for deg sjølv.

Dessutan skriv Hauge om kriser også, som i «Framfor undergangen» der han viser til Jesus og filosofen Heraklit som begge levde i svært vanskelege tider:

Framfor undergangen
Jesu ord
og Heraklits vassgraut
kan enno frelsa verdi.
So liketil er det.

Eg trur diktet viser til noko historisk og til det kulturelle minnet vi har tilgang til gjennom litteratur, for å seie oss at verda har opplevd og overlevd kriser tidlegare. Å stå «framfor undergangen» er ikkje det same som undergangen. Kriser er ikkje det same som at alt går galt. Nokre gonger kan både eldre og nyare litteratur, dikt inkludert, hjelpe oss til å få eit perspektiv på det vi opplever her og no, og kanskje til og med inspirere oss til å sette ord på våre eigne erfaringar.

Hauge-biografen Knut Olav Åmas skriv i Mitt liv var draum at «Visst finst det kameratar. Men dei beste venene er bøkene, det beste rommet å vera i, er det han kan vera i åleine med dei». Dette er også noko av omfanget vi finn i dikta til Olav H. Hauge; poesi både som isolasjon, vern og samvær: «Han er åleine med dei». Hauge snakka om diktarar han berre hadde treft i bøker som «gode kameratar», og det er også dette fellesskapet og samværet han skriv seg inn i som diktar.

Kva kan dette fortelje oss i dag? Vel, for det fyrste at det vi opplever i denne krisa er normalt, det vil seie: det er normalt å reagere på det som er vanskeleg, og einsemd og isolasjon er heilt klart vanskeleg for mange. For det andre viser eksempla frå Hauge at både lesing av bøker og skriving av dikt kan vere ein veg ut av isolasjonen. I dag har vi jo så mange andre moglegheiter enn kva Hauge hadde. Ja, for berre nokre dagar sidan fekk eg oppleve ein 2 timars digital litteraturfestival på Instagram, og dessutan ein konsert med Sondre Lerche på Facebook.

Vi vil også gjere vårt. No arrangerer vi i Nynorsk kultursentrum ein diktkonkurranse du og alle andre er inviterte til å delta i. Vi trur det å dele erfaringar og tankar med andre gjennom dikt kan hjelpe mange gjennom ei vanskeleg tid, og vi håpar at akkurat du har lyst å vere med på dette poetiske løftet for fellesskapet.

Du kan lese meir om diktkonkurransen her.

Litteraturliste
Andersen, Hadle Oftedal. 2002. Poetens andlet: Om lyrikaren Olav H. Hauge. Oslo: Det Norske Samlaget.
Hauge, Olav H. 2010. Dikt i samling. Oslo: Det Norske Samlaget.
Kittang, Atle. 1988. «Eit vern om draumen. Analyse av eit biletmønster og eit dikt hos Olav H. Hauge». I Møtestader, av Atle Kittang, 36–50. Oslo: Det Norske Samlaget.
Vold, Jan Erik. Intervju med Olav H. Hauge i filmen «Dropar i eit diktarliv».
Walton, Stephen J. 1994. «Intertekstualitet mot sjølvisolering». I Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap, redigert av Terje Tønnesen, 124–135. Oslo: Cappelen Forlag.
Åmås, Knut Olav. 2004. Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge. Oslo: Det Norske Samlaget.

Av Stein Arnold Hevrøy

Bilete av Stein Arnorl Hevrøy

Stein Arnold Hevrøy (f. 1979) har mastergrad i filosofi, og arbeider som konservator ved Olav H. Hauge-senteret i Nynorsk kultursentrum.