Aleine saman — Korona og kulturen

Per Olav Kaldestad & Annlaug Børsheim – Morgonfrosken

Diktet er henta frå boka «Når Morgonfrosken syng» av Per Olav Kaldestad. Musikken er laga av Annlaug Børsheim og innspelinga er henta frå plata «Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind» med trioen Morgonfrosken (2016).

Takkesong

Takk for sola som brenn

og takk for jorda som sviv,

takk for månen omkring

og takk for mitt vesle liv.

Takk for gras og for tre 

og fjorden som opnar seg,

takk for fuglar og dyr 

som lever med deg og meg.

Takk for alle som trur

at me skal klara oss,

takk for tankar og ord

som kjem i ein evig foss.

Takk for deg og for meg

og alle venner me får,

takk for draumar som ber

og løftar oss her me går.

Takkesong er etter mi meining eit av dei vakraste dikta Per Olav Kaldestad har skreve, og kanskje ekstra sterkt i denne rare tida me er inne i no. For kva vil skje med verda slik me kjenner den? Kor lenge skal dette vare? I alt dette usikre er det godt å tenkje på at sola vil forsette å brenne, og jorda vil fortsette å svive, og me skal leve vidare her ved fjorden mellom fuglar og dyr og gode vener. Takk for det! Og "Takk for draumar som ber og løftar oss her me går".

Annlaug Børsheim

Diktet Takkesong er frå diktsamlinga Når morgonfrosken syng frå 2004 av Per Olav Kaldestad. Annlaug Børsheim sette tone til diktet på Morgonfrosken sitt album Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind i 2016.

© Per Olav Kaldestad og Annlaug Børsheim (2020)

Per Olav Kaldestad. Pressefoto

Per Olav Kaldestad (f. 1947) er forfattar, litteraturvitar og organisasjonsmenneske som både skriv, forskar på og formidlar lyrikk for barn.

Les meir på:

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim (f.) er musikar, komponist og tekstforfattar frå Ulvik som jobbar innanfor eit vidt spekter; frå tradisjonell slåttemusikk på hardingfele til støyete elektriske gitarar og visete popmusikk.

Les meir på annlaugborsheim.no

Share on facebook
Share on twitter
Share on email