Aleine saman — Korona og kulturen

Ruth Lillegraven – DETTE ER ANDRE DAGAR

DETTE ER ANDRE DAGAR

det er færre

fly, båtar og bilar

færre overfylte tog

i india, mindre røyk

frå fabrikkpipene

i kina

 

himmelen stilnar

himmelen klarnar

 

fiskeørna kjem tilbake

dagpåfuglauga faldar ut

vengene for første gong

 

nokon har meir tid

mange har mindre tid

alle har anna tid

 

folk ligg i hi, høyrer om

basale reproduksjonstal

molekylær immunologi

kriselover, konkursar

 

overalt ser dei teikningar

av den taggete kula som

har heimsøkt landet

og kloden

 

me lagar mat

og vaskar opp

prøver å jobbe

lærer bort ting

me ikkje kan

 

for slik

lyder statens ord

 

ikkje dra på hytta

jobben eller puben

ta instruksar ta ansvar

halde avstand halde fred

 

og me innstiller omstiller

tilpassar oss, slik ingen

skulle tru at nokon

nordmenn kunne

gjere

 

me vaskar hender til

dei tørkar opp og sprekk

me trøystar og trygger 

kranglar og klagar

 

me lengtar etter

ein dag igjen å vere

mange og seine på fest

å stå ved ein kjøkkenbenk

varme og yre, klirre glas

og kysse kinn

 

og så er det dei andre

dei som ikkje kan bli i hi

dei som ikkje kan lengte

dei tek farvel med familien

flyttar ned i kjellaren med

hybelkomfyr under armen

må ut i krigen for å møte

det som trugar med

å sprengje alle

rammer

 

det som

kanskje starta med at

mennesket rota seg inn

i habitatet til flaggermusa

 

som no svevar mellom oss

frå land til land, stengjer

frisøren i marseille

kaffibaren i beirut

rorbua i lofoten

 

og medan folk fryktar

for foreldre finansar framtid

medan tala på smitta innlagde

permitterte stadig aukar, medan

himmelen og vatnet klarnar, og

me går åleine i skog og ved sjø

høyrer me kviskringa

 

det store treet

krokete og knudrete

 

grunnen under trøtt og tørr

legg du øyret mot han

kan du høyre eit sukk

der inne

 

men grunnen finst

 

og treet

menneskeætta

finst

 

det står med røtene

djupt nede i bakken

 

blada heng

i sterke små stilkar

dei blafrar og snur seg

vender nervetrådane

mot kvarandre

 

og så høyrer dei orda

 

dei som blir kviskra frå

trestamma og frå grunnen

 

du er berre eit lite blad

eit lite blad på

det store treet

DETTE ER ANDRE DAGAR. Foto: Vigdis Nielsen
Foto: Vigdis Nielsen

© Ruth Lillegraven (2020)

Foto: Ann Sissel Holthe

Ruth Lillegraven (f. 1978) er forfattar som skriv episk og forteljande, både i dikt- og romanform.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email