
Sunnmøre Baarelag har spela sama i førti år. Og vi vert kalla pionerar i bruken av det Sunnmørske målet, gjennom plateproduksjonar og tallause spelejobbar. Og sånne som oss har heller ikkje før opplevd å vere åleine saman. Avlyste engasjement og ikkje mindre enn ein meters avstand hindra oss likevel ikkje i å vere tre saman i studio på ein gong, for å gje vårt bidrag til dugnad. Så kom den fjerde, og ein måtte gå! «Sånne som oss» er eit spontant uttrykk for at ikkje alt er mørkt, og at vi også skal klare denne utfordringa! Tid, avstand og virus gjorde at vi ikkje fekk med oss Totto Nilsen på munnspel denne gongen. Men vi gir oss ikkje og han skal også få dele utfordringa – saman med sånne som oss.
Sunnmøre Baarelag/Sånne som oss:
Kyrre Grimstad – song og gitar
Arne Moe – bass og kor
Kjell Rune Klubbenes – gitarar
Frode Sundnes – trommer/tamburin
Innspeling i heimestudioet i Ørsta, mars 2020. Produsert av Moe/Grimstad.
© Sunnmøre Baarelag
Sjå meir på baarelaget.no
Send faktura med EHF. Dersom du ikkje har det sender du fakturaen til faktura@nynorsk.no
Organisasjonsnummer:
976 013 263
Redaktør Maria Fet
Ansvarleg redaktør Per Magnus F. Sandsmark
© 2020 Alle rettar
Personvern / Vilkår for bruk