Aleine saman — Korona og kulturen

Svanhild Amdal Telnes dreg oss inn i eit mytisk univers med spor etter menneske og bilete frå ei strand. I denne verda finst ikkje mødrer og fedrar, berre onklar og tanter og massevis av ungar. Gradvis forstår vi kven menneska i forteljinga er, og det er ikkje råd å verje seg. 

Denne verda er av glas

Dei kom roande ei natt
for åtte år sidan,
båten bar dei høgtidleg over fjorden.
Tante har fortald at dei
brann båten etter seg,
han vart eit bål på stråndi
som kunne sjåast frå fastlandet,
eit fyrverkeri av flammur
som varte
i mange timar, før sprakinga til slutt stilna og
ei tynn strime av røyk var det siste sporet
som ei helleristing på himmelen
forteljande om eit folk som fór.

Så bygde dei ei hytte
i vasskanten, sa:
her skal kongar
fødast og
dyr drepast.
Her skal heimen
heise seg over oss,
dytte himmelen oppover.
Det vart ingen kongar,
berre massevis av ungar.
Djupe munnar utan golv,
små svoltne brønnar

Her er alle mennene onklar, alle
kvinnene tanter. Ho som fødde meg
er òg ei tante, han ho låg med ein onkel.
Tenk på dei som har mista ein
far eller ei mor,
tenk så trist,
tenk så tungt,
er det ikkje då egoistisk
om du skal ha to,
ein av kvar,
seier tante,
jau, seier eg,
så derfor deler me.
Alle er kvarandre sine tanter og onklar i ein finvoven vev

Det fyrste eg lærer om livet
er at døden luskar i skogbrynet.
Forskjellen på to kvite soppar: Den eine
har ein rund og rik smak, og mettar
barnemagar som alltid er svoltne. Den andre
byrjar ei seig – men sikker – nedbryting av
kroppen. Cellene i tarmen døyr, så ryk levra og
nyrene, det heile er ein langtekkeleg prosess der
smerta er ei kvern du skal gjennom
før Gud til slutt let deg sleppe

Ein onkel kjem med ei høne, han seier me skal ete ho, han seier han fann ho gåande i skogbrynet,
seier det skal bli godt med noko varmt kjøt, men eg kjenner att den blå hyssingen, såg at tanta i
nabohytta batt han rundt foten på høna, ho er ikkje vår, seier eg, sjølv om eg veit at ingenting er
nokon sitt, at alt er flytande og felles og delbart, det vart alle tanter og onklar over 15 einige om på
Møtet. Det er lenge sidan no, men framleis synd å seie: elle, melle, ditt og mitt.

Eigedom er ein felles fiende
ein gjer lurt i å halde kjeft om.

Eg sovna som syster, eg var
syster og jentebarn,
og natta flaug fort og eg
vakna som ulv, ei einsleg tispe i skogbrynet.
Rundt meg stod furustammane
standhaftig og lyset var gult,
nesten kvitt, gjennom nålene. Bror min
på andre sida av vegen, det eine auga lukka over løpet.

Eit streif av kvinne over himmelen,
nokon legg handa si på kinnet mitt og
seier eg må vakne, det er morgon,
ho seier at ulven er død, at bror min skaut han,
og eg skjønar ikkje korleis handa kjenner draumen.

Eg vassar i strandkanten, dreg den tynne stokken etter meg.
I sanden skriv eg: ulven grå, jegerbroren, far og mor.
Tante kjem springande etter meg, dreg foten langs stranda, ruskar i bokstavane,
ho slår stokken over hoftekammen min, tretten gonger,
eit slag for kvar sommar eg har vore i verda.

Onkelen eg likar best tek meg med
og viser meg fjellveggen med skrift på.
Eg seier: før, han seier: før finst ikkje.
Eg seier: far, han seier: far finst ikkje.
Eg seier: denne verda er av glas.

Håret skal opp, vekk,
knytt stramt i ein knute.
Eg drøymer om lange,
utslegne krullar,
eg sym i eit tjern,
og dreg håret som ein plog
etter meg i vatnet.

© Svanhild Amdal Telnes (2020)

Svanhild Amdal Telnes. Foto: Julie Pike

Svanhild Amdal Telnes (f. 1994) vaks opp i Seljord. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og går no på profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU i Trondheim. Om nettene brukar mor dråpeteljar (2018) er hennar første bok.

Share on facebook
Share on twitter
Share on email