Aleine saman – korona og kulturen

Tønes – Vinden i ditt hår

Vinden i ditt hår er ein heilt ny og vakker song av musikaren Tønes om det me lengtar etter i desse dagar.

Vinden i ditt hår

snart kjeme dar ein sommar
det e ikkje snakk om någe ant
og sjøl om det jenna bare e någe toll
ska me leva så om det e sant

eg stirre inn i veggen
veid ikkje om det e måren ellar kveld
det de sa ikkje va så viktig
va visst viktig ligavel

snart kjeme dar ein sommar
bare vent å sjå
snart kjeme dar ein sommar 
det e eg sikkar på

nok ei gong ser eg
kå viktig det e å ha det gøy 
nå veid eg kem eg ska ta med meg
te ei øde øy

nå forstår eg endelig
koffor alt går an
koss det va mulig
at det blei vin av vann

snart kjeme dar ein sommar
det e ikkje snakk om någe ant
snart kjeme dar ein sommar
prøv å lev så om det e sant

eg trekke te meg fødane og vente
du he på deg tjokke lodde
og sedde deg innte meg i mørket

dar e ting eg aldri gløyme
eg ser det føre meg så klart
eg savne alle eg kjenne
håbe me kan treffas snart

snart kjeme dar ein sommar
det e ikkje snakk om någe ant
snart kjeme dar ein sommar
me ska leva så om det va sant

på grunn av någe eg mesten ikkje tru på
fylles dage og år
men kå tid kjeme du i mod meg igjen
med vinden i ditt hår

© Tønes (2020)

Bilete av Frank «Tønes» Tønnesen
Tønes. Foto: Live Sørlie Jørgensen

Frank «Tønes» Tønnesen (f. 1972) er ein musikar som spelar ei leiken form for viserock. Med dei novelleaktige tekstane, framførte på dialekt, utfordrar han den tradisjonelle songlyrikken.

Les meir på: